Bjorlirennene 2020:

Lovande sesongstart

Rauma Alpin arrangerte i helga det tradisjonelle Bjorlirennet i slalåm og storslalåm. Strandagjengen stilte mannsterk og markerte seg heilt i toppskiktet i fleire klasser.

Førebuing til renn: Eit knippe strandarar under synfaring av løypa  Foto: Jørund Hagen

Sport

I helga var det duka for sesongopning for alpinistane i Stranda Alpin. Dei to første konkurransane vart i år som i fjor arrangert av Rauma Alpin, med deltaking både frå Møre og Romsdal og nabofylket Trøndelag. Laurdag konkurrerte dei i storslalåm og søndag i slalåm. Det var fint vêr og gode tilhøve i bakken begge dagane og strandarane var som vanleg å finne øvst på resultatlista.