Sterk generalprøve av Stranda

Stranda slo ein av avdelingsfavorittane i siste treningskamp før seriestart og 1.runde NM komande helg.

0

Sport

Stranda la dei siste sesongførebuingane sine til Moldeområdet denne helga. To treningskampar kombinert med eit sosialt opplegg vart siste finpuss før Norborg ventar i 1.runde NM komande søndag.

Fredag stoppa Strandafolket på Vestnes, og den reservespekka utgåven tapte 3-5.

- Vi burde ha vunne mot Vestnes sjølv med eit svært reserveprega mannskap. Dei fleste vart spart til laurdagens kamp mot Sunndal, og vi har strengt talt sjansar nok til å putte både seks og syv mål. I staden så står vi i kø nærmast for å gjere personlege feil defensivt. Vi har god kontroll i forsvar, men er ikkje kyniske nok i dei avgjerande situasjonane, seier trener Thomas Roseth.

Laurdag var det Sunndal som venta på den andre banehalvdelen i Molde. Sunndal som spelte kvalik om opprykk til 2.divisjon sist sesong, og som denne sesongen har annonsert at dei skal kjempe om opprykk på ny. Stranda brydde seg ikkje så mykje om det, og leia 3-0 før Sunndal fikk summa seg. Dette var fyrste kamp Stranda stilte med tilnærma toppa mannskap denne vinteren, og spesielt fyrste omgang var kruttsterk mot eit godt Sunndal lag. Det vart siger 3-2.

- Vi tok dei nok på senga, for dei virka overraska. Vi lå kompakt før pause, og fikk ei rekkje overgangsmogligheiter. Etter kvilen så vart det mykje Sunndal, men vi har høvelig kontroll på kampen sjølv om det røyner på mot slutten, avrundar trenar Thomas Roseth.