Også i år vert det digital Strandaquiz frå Storfjord Kulturhus, nærmare bestemt på onsdag i påskeveka. Tospannet Leidulf Årvik og Paul Ivar Pedersen står som vanleg i spissen, og lovar ei sending med både overraskingar og nye konkurransevariantar. Dei kan også love nye spørsmål innan kjende kategoriar, samt sin egen vri på Alle mot ein.
– Vi har i alt fire kategoriar og kvart spørsmål har fire svaralternativ, og det vert i underkant av 50 spørsmål totalt. Eit av spørsmåla skal Frank Engeset stå for, og vi kan røpe at det har noko med å køyre bakover, seier Årvik med eit lurt smil.
Med i quizen: Frank Engeset gir deltakarane ei utfordring i år. Foto: Randi Ansok
HL-Media står for teknikken og sørger for å få sendinga på lufta. For å delta må ein gå inn på nettet og registrere seg.
– Vi håper mange vil vere med i år også, for å støtte Storfjord Kulturhus. Er folk i tillegg tidleg ute med å registrere seg, kan vi fange opp om det er nokre sykkylvingar som er med også. I so fall legg vi inn spørsmål knytt til Sykkylven, seier Sigurd Drege, dagleg leiar på Stranda Kulturhus.