Stadig fleire nordmenn bygg seg hagestue

Draumen om ei stue i hagen

– Vel den hagestua som passar deg og ditt bruk, men tenk kvalitet, seier Tarjei Korsbrekke, dagleg leiar ved HT Bygg Hellesylt.

I glashus: Med både glasveggar og glastak så kjem ein nært naturen.  Foto: Randi Ansok

New Articles

Mange har ein draum om å få seg ei hagestue, og stadig fleire gjer draumen om til verkelegheit. Med ei hagestue får ein både betre plass, og eit ekstra rom. Ein får også utvida dei ulike sesongane med ei heilårsisolert hagestue. Vinteren vert kortare og hausten lengre når ein kan sitte inne, men samstundes ute, i all slags vêr.