Spenstig konsert med kulturskuleelevar og lærar

Den siste tida har elevar og lærarar ved Sykkylven kulturskule halde fleire konsertar for elevane ved barneskulane og ungdomsskulen i bygda. Målet har vore å vise fram spennet i det dei driv med i kulturskulen, som i dag har om lag 200 elevar.

Dans: Tøffe Lovise Nykrem baud på dans.  Foto: Monica Aure Fallingen

New Articles

Kulturskulen i Sykkylven ville vise fram tilboda dei allereie har, og samtidig nå ut med nokre av dei nye tilboda dei har. Eit nytt tilbod er musikkteknologi, der lærar Håkon Knudsen vil undervise elevar i å skape musikk med dataverktøy, komponere og arrangere eigne låtar. Han viste fram noko av dette på scena. Kulturskulen vil også ta opp att tilbodet om musikkleik for førskuleborn og vil tilby danseundervisning for vaksne.

I seks konsertar fekk dei frammøtte sjå ei variert framsyning, med både elevar og lærarar ved kulturskulen på ulike instrument, eller som framførte song, dans, drama og visuell kunst.

– I denne perioden med mykje nedstenging og usikkerheit har vi og alle andre fritidsaktivitetar merka stort fråfall, og treng hjelp til å få barn og unge tilbake i aktivitet igjen, seier kulturskulerektor Åge Frøystad. Dansarane blant kulturskuleelevane skal også ha ei framsyning for foreldre komande onsdag, og det vert huskonsert med ein del elevar tysdag.


Ein del av læararne: Ilona Lapinskiene, Håkon Hagen Knudsen, Marianne Giske, Åge Frøystad, Audun Skorgen, Nikolas Fehr og Pawel Prus.  Foto: Monica Aure Fallingen

Ungt talent: Mieszko Linczowski på piano.  Foto: Monica Aure Fallingen


Lærarar: Beate Blindheim Kvalsvik og Audun Skorgen i ein duett.   Foto: Monica Aure Fallingen

Nytt tilbod: Håkon Knudsen presenterte det nye tilbodet elektronisk musikk.  Foto: Monica Aure Fallingen

Gitarist: Sander Utgård Bonesmo imponerte dei frammøtte.  Foto: Monica Aure Fallingen

Moro: Annika R. Welle og Sunniva Myklebust (t.v.) baud på eit fargerikt show.   Foto: Monica Aure Fallingen