Tidlegare denne månaden var det danseframsyningar i Sykkylven kulturhus. Våre to fantastiske dansepedagogar Nadhira De Saram Vonstad og Rodrigue Mugeza stilte med alle sine ti dansegrupper og solodans. Stilartane var hiphop, jazzdans, barnedans og klassisk ballett. Og med god hjelp av teknisk personale ved kulturhuset Halstein Kurseth på lyd og Knut Andreassen på lys og bilete, så vert dette to veldig vakre førestillingar der danseelevane imponerte med sine danseskills, moves og samarbeid.

Vi har plass til fleire i desse dansegruppene til hausten og oppmodar interesserte til å søke plass i kulturskulen før sommarferien.

foto
Foto: privat
foto
Foto: privat
foto
Foto: privat
foto
Foto: privat
foto
Foto: privat
foto
Foto: privat
foto
Foto: privat
foto
Foto: privat
foto
Foto: privat
foto
Foto: privat
foto
Foto: privat