Eg ser at NRK Møre og Romsdal har eit oppslag som allereie i overskrifta fortel at forskarar meiner det ikkje finst lokale sildestammar på Sunnmøre - lenger sør og lenger nord, men ikkje her. Dette er grunngjeve med bakgrunn i siste nytt innanfor sildeforsking, og ein tankegang som går ut på at fjordane våre, meir enn andre fjordar, er ein del av havet utanfor.

I eit kystlag i Sykkylven har me hatt eit samarbeid med Havforskingsinstituttet (HI) i Bergen over ein periode på om lag ti år. Det me veit om silda har me delvis lært av lokale folk og delvis gjennom kommunikasjon med HI, etter at me har sendt sildeprøver for analysering hjå dei.

Lokale fiskarar seier at dei lett kan skilje lokal sild, kalla fjordsild, frå norsk vårgytande sild (NVG-sild), som déi gjerne kallar ferdasild. Dette handlar både om ytre, fysiske trekk, levemåte og smak. Først og fremst er den lokale silda mindre, og ikkje så straumlinjeforma som NVG-silda. Den lokale silda er ein haustgytar, og kan på den måten berre forvekslast med nordsjøsilda, som også gyter i fjordane våre om hausten.

Ved HI har dei talt ryggvirvlar og årringar i øyresteinane. Dei har fortalt oss at i dei prøvene me har sendt inn, har innhaldet vore ei blanding av sild frå ein lokal stamme og NVG-sild, mest av den siste. Forklaringa har vore at NVG-yngel har drive inn i fjorden, i staden for å følgje straumen nordover. Denne NVG-silda veks opp i fjorden, og går saman med fjordsilda dei første leveåra. Før eller sidan, helst etter eit par år, driv «genetikken» NVG-silda til havs. Dette er ei næringsvandring, som i seg sjølv gir silda ein sterk vekst. Inne i fjorden går NVG-silda gjerne saman med lokal sild på same storleik. Prøver frå øyresteinane har synt at den lokale silda oftast er fleire år eldre.

Kva er så problemet? Når HI slår ein strek over både all lokal kunnskap og eigne, tidlegare observasjonar, og seier at all sild på våre kantar er same slag sild, får dette konsekvensar. Dette opnar for at ein med færre restriksjonar kan gå inst inn i fjordane og fange sild med store bruk. Desse effektive reiskapane kan, på linje med forskarane, ikkje skilje den eine silda frå den andre. Dermed vil ein truleg endå oftare oppleve det same som ein har opplevd før, at fjordane blir tømde for sild, og at den lokale silda hamnar i det store sluket, saman med annan fisk.

Me skal vere varsame med å kritisere fiskarane. Dei gjer vel berre det dei har lov til. Folk som har vore i direkte kontakt med forskarar ved HI, har fått beskjed om at det er kommunane sjølve som må regulere dette fisket. Dei seier på si side at det er i fylkesadministrasjonen i Molde dette blir avgjort. Og i Molde høyrer dei vel kanskje mest på forskarane. I so fall har me gått heile runden.

Er det nye, meir effektive forskingsmetodar som gjer at ein ikkje, som før, fangar opp at sild ikkje berre er sild? I frå Sykkylven har me i alle fall opplevd ein type «stemningsskifte» i HI dei siste åra, frå stor interesse for forsking på lokale sildestammar, til ei heilt anna og ny «linje».

I landet vår har tyngda av sildefisket på mange måtar vore eit slags «brótfiske», der det først og fremst har handla om kvantum. Det verkar som dette kan vere i ferd med å snu; at det er eit større fokus på foredling for konsum. Silda kan bli endå viktigare for oss om me forvaltar denne ressursen best mogleg, også ved at me tek vare på mangfaldet, variasjonen.

I tilsvarande saker innanfor andre område i samfunnslivet, har me ved fleire høve sett at verken forvalting eller politikarar er «våre folk». Det er noko som heiter lobbyisme, som svært ofte er med på å gje den ressurssterke rett. Næring og pengar bør likevel ikkje vere det einaste kompasset ein styrer etter. I dette tilfellet burde me ha klare, felles interesser i å ta vare på mangfaldet i fjordane. Her er det fleire artar som er avhengige av kvarandre. For mange av desse er fjorden i praksis å sjå på som eit lukka system, som ikkje toler store, einsidige, einøygde inngrep.