Er det noko ein har vore sultefôra på under koronapandemien, så er det konsertar og andre kulturhendingar. Sidan viruset kom til landet, har det knappast vore høve til å arrangere noko som helst. Fredag, på eittårsdagen for at Norge stengde ned, kunne derimot Sykkylven Kulturhus igjen ønske velkomne til konsert, då Stjernekamp-vinnar Knut Marius Djupvik frå Tomrefjord, med band, tok scena. Her fekk dei hundre frammøtte, fullt hus i høve smittevernreglane, servert musikk frå ein særs variert meny, frå heile Knut Marius si karriere.
Knut Marius Djupvik i Sykkylven Kulturhus:
– Noko av det argaste som har vore arrangert i Sykkylven
Dei frammøtte fekk valuta for pengane då Stjernekamp-vinnar Knut Marius Djupvik med band hadde konsert i Sykkylven Kulturhus.
Energi: Det var ikkje noko å seie på energien under konserten med Knut Marius Djupvik på Sykkylven Kulturhus. Her saman med Jonny Sjo på bass og Tommy Kristiansen på gitar. Foto: Even Ørjasæter
Kultur