Galleri Cylindra i Tusvik

Unik møbelkultur

Peter Opsvik frå Stranda er nok best kjend som «tripp-trapp-stolen» sin far, men han er òg kjend verda rundt for dei særeigne Cylindra-skapa sine.

Tredjegenerasjon: Kjellbjørn Tusvik er tredjegenerasjons fabrikkeigar hos Galleri Cylindra som held til i gamle Tusvik Møbelfabrikk.  Foto: Even Ørjasæter

Kultur

Nede ved sjøkanten i Tusvik i Sykkylven finn vi gamle Tusvik møbelfabrikk, som er den eldste møbelfabrikken i kommunen. Her finn vi òg eit kroneksempel på samarbeid mellom dei to kommunane Sykkylven og Stranda, Galleri Cylindra.