«Blås i skulen»:

– Litt vanskeleg, men veldig kjekt

Klasserommet til tredjeklasse ved Ullavik skule vart fylt med jubel, klarinett- og trompettonar då prosjeketet «Blås i skulen» bokstaveleg talt vart blåst i gang sist tysdag.

Ferske musikantar: Olav Klokk og Leah Kalvatn fekk for få dagar sidan utdelt instrument, og synest det er kjekt å vere med i «Blås i skulen».  Foto: Christine Fohlin Verneland

Kultur

Men før kulturskulelærarane Håkon Hagen Knudsen, Marianne Giske og Marianne Hafsaas kom til skulen, tok Nyss ein prat med dei spente elevane. Fleire av dei kunne fortelje at dei har prøvd å spele andre instrument tidlegare, som til dømes gitar, piano og blokkfløyte, men klarinett og trompet var ukjent for dei aller fleste.