Heidra Steely Dan

Stemningsfull klubbkveld

Roger Waters-klubben i Sykkylven gjer det igjen. Det har gått to år sidan sist dei inviterte til ein storslått konsert i kulturhuset, og fredagens arrangement vart atter ein gong ei storslått oppleving.

På scena: Bandet «Home at last» framførte musikken til Steely Dan på ein fantastisk måte.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Kultur

Denne gongen er det bandet Steely Dan som blir heidra. Som vanleg legg ikkje Roger Waters-klubben noko imellom når dei skal stå som arrangør, og både musikken og ikkje minst ramma rundt gjer sitt til at dei frammøtte får kjensla av å vere på ein klubb i New York.