Frå bilverkstad til musikkscene

Full klaff for Katrine Langlo Band

Bandet var det første til å halde konsert i Automek sine lokale på Stranda.

Historisk: Katrine Langlo Band er dei første som har hatt konsert på Automek på Stranda.  Foto: Randi Ansok

Kultur

Laurdag kveld var det duka for ei spesiell konsertoppleving. Katrine Langlo med band hadde som første artist konsert i Automek sine lokale på Stranda. Bilar var flytta ut og verktøy var rydda vekk, og lokalet var vaska og stelt i stand til fest. Stolar og bord, scene og bar hadde kome på plass. Grelt lys var erstatta med varmt og fargerikt scenelys.