Kreative Frank klarer det – igjen. Få lokalavismakarar på Sunnmøre, og i Landslaget for Lokalaviser, har vist større entusiasme gjennom fleire tiår. Og kan vise til resultat. Det er grunn til å tru at Frank Kjøde kjem i mål også denne gongen.
Med god hjelp frå eit tilsynelatande friskt satsande styre, – noko ikkje minst ein fyldig stab av redaksjonelle medarbeidarar vitnar om, – har han fått eit godt grunnlag for å bygge og utvikle dette felles produktet for Stranda og Sykkylven.
Han har eit spennande distrikt å boltre seg i. Få lokalaviser har maken. Her er eit mangesidig næringsliv endå til med bedrifter av nasjonal storleik. Her finst eit aktivt kunst- og kulturliv, ein flott natur med betydelege utfordringar sommar som vinter, eit reiseliv ein skal leite langt utanfor avisa sitt nedslagsfeltet for å finne maken til, og framfor alt tiltaksame menneske det er all grunn til å spele på lag med.
Gled deg, Frank – du har fått eit avisprodukt som forpliktar, som du og dine medarbeidarar har vilkår for å utvikle.
Måtte staben lukkast med å etterkome nemninga Nyss si magiske kraft – å finne eit mangfald av nyhende til glede for lesarane.
Apropos «Nyss» – ja vel ….
Helge Søvik
redaktør i Sunnmøringen 1993–2007