Kommentar

Framtida for ferjefri kryssing av Storfjorden

Kart  Foto: Arkiv

Meiningar

Mange har stilt spørsmål om ferjefri kryssing av Storfjorden kan bli realisert. Dette gigantsambandet skal knyte kommunane Stranda og Sykkylven til storkommunen Ålesund med hittil verdas lengste planlagde hengebru, frå Sandvika i Sykkylven til Glomset. Brua er på 2.500 meter, med eit spenn på 2.200 meter. Bak prosjektet står Storfjordsambandet AS som vart etablert i 1987. Selskapet har levert ei rekkje utgreiingar og prosjektanalysar med ulike tekniske løysingar opp gjennom åra.