Lesarinnlegg:

Hjortejakta 2020

Meiningar

Rapporten frå hjortejakta i Langedalen Storvald i Sunnylven, viser etter mi meining at tildelinga av fellingsløyve frå Stranda Viltnemnd er heilt feil.

Tildelte løyver:

Kalv: 35 Felt: 25 = 71%

Kolle. 70 Felt: 43 = 60%

Spissbukk: 14 Felt: 13 = 93%

Eldre bukk: 13 Felt: 13 = 100 %

Det blir 94 felte dyr av 132 løyver = 71,2 %. Dersom tildelinga av løyver var slik som eg meinar den burde: 20 % kalv, 40 % kolle, 20 % spissbukk og 20 % eldre bukk, kunne det etter mi meining vore felt 25 fleire bukkar i Langedalen Storvald. Då var ein oppe i 119 felte dyr med fellingsprosent på 90. Eg kan ikkje med min beste vilje forstå at det år etter år skal leggast opp til eit sort overskot bukkar. Eg ser at skogbrukssjef Konnert gler seg over at bukkevekta aukar. Og kva er grunnen? Jau, med så få bukkeløyver så ventar jegerane med å skyte bukker til dei har sjanse på ein stor. Eg har sjølv høyrt ein jeger seie «Vi har berre 1 bukkeløyve, så vi ventar på ein stor». Statistikken over felte bukkar, skiljer ikkje mellom 2 ½ åringar og 10 eller 12 taggarar. Korleis var det i dei andre storvalda i Stranda? Var det same rasjoneringa på bukkar? Det er også oftast dei vaksne bukkane som går laus på rundballane om vinteren. Eg vil også framleis hevde at der er naudsynt at dei i Stranda viltnemnd som ikkje er grunneigarar må skiftast ut snarast råd.