Lesarinnlegg til formannskapsmedlemane i Stranda, Sykkylven og Fjord:

Felles akvaplan for Storfjorden. Synspunkt om akvakultur til drøfting i partigruppene

Oppdrett: Hofseth Aqua sitt oppdrettsanlegg i Opsvika i Stranda kommune.  Foto: Even Ørjasæter

Meiningar

Fellesplan for sjøareala i Stranda, Sykkylven og Fjord kommunar.

Dette er prosjektnamnet på nemnda som skal utarbeide fellesplan for akvakultur i Storfjorden. Tidsplanen for nemnda antydar presentering av planforslag haust 2021 og deretter behandling av planforslag i dei respektive planutvala. Då er det etter vårt syn klart at punkta i arealdelen for Stranda kommune som omhandlar akvakultur, NFFFA_0 Urdaneset og NFFFA_2 Under Skafjellet, må utsetjast til den felles plannemnda er ferdig med arbeidet sitt. Noko anna vil ikkje gi meining.

Som kjent står dette framfor slutthandsaming i Stranda kommune. Vi ønskjer å kome med synspunkt på den delen som har med akvakultur å gjere. Etter vårt syn har dette vore einsidig belyst i politiske fora hittil. Stort sett er det utbyggjar som har hatt monopol på informasjon og PR for sitt prosjekt hittil. Og slik bør det ikkje vere.

Vi registrerer at fleire kommunar krev lukka/landbaserte anlegg i sine fjordar ut frå omsynet til miljøforureining og lus (døme: kommunane Tromsø, Osterøy, Strand). Vi kan og nemne at Canada har bestemt utfasing av sjøoppdrett i opne merdar innan 2025.

Vi legg ved linken til ein artikkel i Bergens Tidende (publisert og oppdatert 25.01.21) som omhandlar forureiningsproblematikken til sjøoppdrett i fjordane våre. Fordi fagkompetansen bak denne artikkelen er så solid og mangesidig (sjå «Kilder»), er det all grunn til å vektlegge argumenta i den komande planlegging av akvakultur i Storfjorden.

Forureining av ekskrement frå mærefisk og spillfôr fører til endring av oksygeninnhaldet i sjøen med dei store konsekvensar det får for artene som lever der.

Artikkelen har sterke argument for at all framtidig oppdrett må skje i lukka eller landbaserte anlegg.

Vi legg og ved linken til ein artikkel i fagbladet Ilaks av Stian Olsen. Der kjem det mellom anna fram at fiskeri- og sjømatminister Odd Egil Ingebriktsen har varsla ny havbruksstrategi. Han gir ganske klart uttrykk for at utviklinga må gå mot lukka merdar og antydar stimuleringsordningar for å få dette til.

Det er einaste løysinga for å få bukt med fiskekloakk, lus og dødelegheit.

Vi ber om at bruk av sjøareala i Storfjorden vert tatt opp og drøfta i partigruppene i dei tre kommunane.

Linkar:

https://www.bt.no/nyheter/lokalt/i/AlllOz/fisk-forsvinner-bunnen-er-raatten-og-livloes-det-foregaar-noe-skummelt

https://ilaks.no/det-er-kun-fantasien-som-setter-grenser-for-hvor-lakseproduksjon-i-lukkede-systemer-i-sjo-er-om-bade-tre-fem-og-ti-ar/