Dagens kommentar, 7. april 2021:

Ny sentrumsskule

Storprosjekt: Slik vil den nye sentrumsskulen i Bakkeøyane sjå ut.   Foto: Streken AS/Ola Roald AS

Meiningar

Dersom alt går etter planen vil byggearbeidet til den nye sentrumsskulen i Bakkeøyane i Sykkylven starte opp til hausten. Eit framlagt forprosjekt som dannar grunnlaget for det vidare arbeidet med utarbeiding av anbodsdokument og gjennomføring av anbodskonkurranse var opp til handsaming i levekårsutvalet rett før påske. Utvalsleiar Ole Kjell Eidem (Sp) fremja då eit svært viktig framlegg om at tribunen som var tatt ut av planen, skulle bli tatt inn att i planane for sentrumsskulen. Eit samrøystes utval slutta seg til framlegget. Bakgrunnen for at tribunen vart tatt ut av planane var å få ned kostnadane for å halde seg innanfor totalramma på om lag 280 millionar kroner. Ein idrettshall utan tribune vil ikkje fungere funksjonelt godt nok og kan faktisk skape fare for både utøvarar og tilskodarar.

Den nye sentrumsskulen som vil stå ferdig hausten 2023 skal erstatte barneskulane på Vik, Aure og Ullavik som har gått ut på dato for fleire år sidan. Kva som skal skje med dei tre gamle skulebygga er det så langt ikkje tatt stilling til. Den nye barneskulen i Bakkeøyane vil på alle måtar bli ein fantastisk flott skule med plass til over 450 elevar. Forutan eigen idrettshall vil også kulturskulen bli integrert.

Planmakarane har lagt vekt på at bygget skal vere såkalla klimavenleg. Med unntak av idrettshallen, skal det byggast i heiltre. Nyskulen vil få tre klasserom på kvart trinn. Idrettshallen kan nyttast til alt frå handball til ulike arrangement då det er knytt ei eiga scene til hallen.

Levekårsutvalet har velsigna og godkjent forprosjektet. I løpet av denne månaden skal Sykkylven formannskap og Sykkylven kommunestyre også handsame planane, og då er det å håpe at tribunen er på plass i idrettshallen. Dette er hittil det største prosjektet som Sykkylven kommune nokon gong har handsama, og då kan det ikkje stå på om ein idrettshall skal ha tribune eller ikkje. Om totalramma blir sprengt med nokre millionar kan heller ikkje vere avgjerande når det er snakk om ei så viktig investering.