Lesarinnlegg:

Kven er formannskapet i Stranda kommune?

Frank Sve   Foto: Staale Wattø / Sunnmørsposten

Meiningar

Til ordførar i Stranda kommune

Frå: Stranda Frp
Kommunestyregruppa

Viser til brev til Formannskapet frå vår kommunestyrerepresentant Steinar Aanning ang kritikkverdige forhold i rådmannen sitt saksansvar, som råka rolla som folkevalgt kontra innbyggjar og grunneigar i Stranda kommune, og der det samtidig er framsett eit angrep på heile FrP si kommunestyregruppe.

Brevet vart etterlyst i sist formannskapsmøte av Frank Sve, og vart kvitert ut av ordførar at dette tok han på det største alvor og skulle kome med drøfting av denne saka på neste formannskapsmøte.

No i ettertid er vi blitt gjort kjende med at rådmannen har kalla inn Steinar Aanning med fleire til eit møte den 18/4, for å drøfte innholdet i brevet som altså gjelder rådmannen sjølv sitt eige ansvar, og der rådmannen opptrer som «formannskap» i ei sak som er sendt til formannskapet og ingen verdens ting anna.

Kven er formannskapet ?

Vi veit at dette er ordførar, og 6 andre folkevalgte.

Når ei sak av slik alvorlegheitsgrad som direkte blir oppfatta som eit angrep på demokratiet og muligheita for innbyggjarar og grunneigarar her i kommunen til å også kunne vere folkevalgt, og eit angrep på heile FrP kommunestyregruppa, er det eit svært grovt overtramp når brevet til formannskapet blir forsøkt «kuppa» av rådmannen.

Rådmannen har overhode ingen verdens rett til å forsøke å gå inn og overta ei slik sak, som er sendt til formannskapet som omfattar rådmannen sjølv.

Vi ber om at brevet til formannskapet blir sendt ut straks til formannskapet, og at drøfting ikring dette KUN skjer i formannskapet.

Vi vil om nødvendig bringe saka vidare til kontrollutvalget og til kommunestyret som faktisk arbeidsgjevar, og forutsetter at ordføraren opptrer på vegner av dei folkevalgte i slike saker.