Dagens kommentar, 16. april 2021:

Lett å kritisere

Kritikk: Statsminister Erna Solberg (H) fekk kritikk frå koronakommisjonen.   Foto: Foto: Torstein Bøe / NTB

Meiningar

Ikkje uventa fekk regjeringa og statsminister Erna Solberg (H) ein til dels knusande dom av koronakommisjonen, og ikkje minst av opposisjonspartia på Stortinget. Beredskapen før covid-19-pandemien slo til for fullt i mars i fjor, var ikkje god. At helseminister Bent Høie (H) hadde personlege kontaktar i Kina som sytte for å ordne forsendingar med munnbind, seier litt om beredskapssituasjonen på dette tidspunktet.