Dagens kommentar, 21. april 2021

Ny skule

  Foto: Ill: Ola Roald/Streken

Meiningar

I alle år har skule og barnehage vore eit omstridd tema når politikarane skal ha eit ord med i laget. Slik har det alltid vore i Sykkylven kommune, og sikkert i mange andre kommunar også. I Velledalen stod striden på 1960-talet om barneskulen skulle lokaliserast «neda eller ova Brauta» som nesten har blitt som eit ordtak. I løpet av dei siste generasjonane har det i Sykkylven i tur og orden blitt bygd og lagt ned skular og barnehagar. Politikarane har den eine dagen sagt nei til vidare drift av kommunale barneskular og barnehagar for så i neste omgang sagt ja til privat etablering. Dette har på mange måtar vore ein underleg politikk, utan at det har blitt tatt omsyn til dei økonomiske konsekvensane for kommunen.