Lesarinnlegg:

Sunnmøre blør, E136 og Nordmøre likeså

Frank Sve  Foto: Nils Harald Ånstad / Sunnmørsposten

Meiningar

Kven har kome på at 2300 bilar over Romsdalsfjorden er navlen her i fylket, når resten av fylket står i stampe?

Blindheim - Breivika har døgntrafikk ÅDT på heile 30.000 bilar, berre Veibustkrysset i Sula 12.000 bilar i døgnet, og her lyftar verken Høgre, Sp, Ap eller Statens vegvesen ein finger.

Breivika - Digerneset også 12.000 bilar i døgnet, likeså på innfartsvegen til Kristiansund, men lokalvegen til Midsund og Aukra samt eit «privat» monument for Orten er viktigast. Det er rett og slett ubegripelig!

Når næringsaktører blir styrt av Romsdal regionsråd, er dette akkurat slik denne gjengen har operert heile tida, Dahl og co har prestert å skubbe ordførarane også på Sunnmøre føre seg, samtidig som dei ikkje forstod kva som skjedde.

Sunnmøre, E136 og Nordmøre blør, biltrafikken i titusenvis pr dag står i stampe, medan «rundlurte» ordførarar sender pengane og prioriteringene til Møreaksen, ei fjordkryssing som pr dato har døgntrafikk på 2300 bilar.

Lytt til Per Waagan som burde ha erfaring på våre vegar gjennom eit langt transportliv, som klart og tydelig viser til at Møreaksen bør utsetjast i 100 år, og heller byggje vegane folket og næringslivet har behovet for, PÅ LAND!

Forklar meg Helge Orten,

- kvifor er 2300 bilar i døgnet over Romsdalsfjorden, viktigare enn 30.000 bilar pr dag på Blindheim-Breivika?

- kvifor er ein gedigen omveg, snart 400 m under fjorden og igjennom Molde, viktigare enn rask realisering av heile E136?

- kvifor er eit prosjekt Møreaksen til 25-35 milliard kr, som store delar av fylket er imot, prioritert før ALLE prosjekt på Nordmøre?

Forklar meg dette?

Sunnmøre, E136 og Nordmøre blør, og fylket sine innbyggjarar og næringsliv har blitt rundlurt.

Du, kan i valget til hausten gjere noko med dette, og stemme Frp som ynskjer eit billigare, tryggare og meir miljømessig prosjekt over Romsdalsfjorden eller fortsatt ferjer og prioritering av vegbygging på land fyrst i heile fylket.

Godt valg!