Nye koronautbrot

Nye restriksjonar: No må ein igjen bruke munnbind i butikkane.   Foto: Illustrasjon

Meiningar

Nye utbrot av koronasmitte resulterte i at Sykkylven kommune vedtok frå midnatt, tysdag 27. april å innføre dei same og strenge smittevernforskriftene som Ålesund, Giske og Sula. Stranda kommune har så langt ikkje innført nye tiltak. I praksis betyr dette at sykkylvingane maksimalt kan ta imot to gjestar på besøk heime per dag, maks ti nærkontaktar i løpet av ei veke, utanom klasse- og arbeidskollegaer. Og like viktig er det å halde minst to meter avstand til andre og bruke munnbind når vi handlar i butikkane. Det er kommuneoverlegen i samråd med kriseleiinga i Sykkylven som har heimel til å innføre tiltak i høve til gjeldande delegeringsreglement.