Dagens kommentar, 30. april 2021

Kamp om taburettane

Kjempar: Frank Sve (Frp) kjempar om å kome inn på Stortinget til hausten.   Foto: Staale Wattø / Sunnmørsposten

Meiningar

Det kan gå mot eit svært spennande stortingsval til hausten. Mange kandidatar kjempar ein knallhard kamp om å få seg ein av dei 169 taburettane på Stortinget. Distriktsmandata til Møre og Romsdal er redusert frå åtte til sju distriktsmandat. I tillegg vil fylket få eit utjamningsmandat. Den siste meiningsmålinga frå Norstat viser at det er tett mellom dei største partia i vårt fylke. Høgre er det største partiet med ein oppslutnad på 21,1 prosent som er ein tilbakegang på 2,5 prosent i høve til stortingsvalet for fire år sidan. Senterpartiet fossar fram med heile 7,9 prosent frå førre val, og får notert 20,9 prosent ved siste målinga. Arbeidarpartiet er stabil med sine 20,8 prosent. Framstegspartiet får ein oppslutnad på 18,3 prosent, som er tilbake 4 prosent.