Lesarinnlegg:

Svar på «fråsegn», kjenner seg ikkje igjen?

Frank Sve (Frp)  Foto: Johan Behrentz

Meiningar

Samrøystes vedtak i 2018/ 2019 og 2020, men Sp, Høgre, AP, KrF og MdG kjenner seg ikkje igjen.

Er desse personane frå desse politiske partia på Stranda, bevist og våkne når dei set i kommunestyret?

Er gjennomføring av politiske vedtak eit problem, og er dette usakeleg?

Underteikna og Frp-gruppa har sendt inn mange brev til både kommunestyret, rådmann, ordførar og kontrollutvalg ang politiske lovlege vedtak i kommunestyret som ikkje er gjennomført.

«Fråsegn» som er sendt frå SP, AP, Høgre, KrF, og MdG tek avstand og meiner dette både er usakeleg og ein «kjenner seg ikkje igjen i påstandane».

Vårt spørsmål er då følgjande:

Er sakene og vedtaka i kommunestyret som er vedteke samrøystes og IKKJE gjennomført som vi har vist til i våre brev, usakeleg?

Og, Sp, Ap, Høgre, KrF og MdG kjenner seg ikkje igjen?

Noko som må bety at partia som har skrevet under fråsegnet, ikkje vedstår seg å ha vore med på vedtaka i kommunestyret?

Er dette slik å forstå?

Vi har vist til mange saker i kommunestyret som ikkje er gjennomført, og stilt mange spørsmål ikring dette, skal vi bli forsøkt «knebla» av ordførar og fleirtalet?

Kvifor har vi eigentleg eit kommunestyre i Stranda kommune, når det ser ut til at politiske lovleg fatta vedtak ikkje betyr noko som helst?

Vi har sendt brev til ulike partar ang desse sakene, og forventar sjølvsagt svar frå ordførar, rådmann og at dette blir behandla både i kommunestyret og i kontrollutval.

Ang «hersketeknikk» skal vi avstå frå å kommentere dette, men konstaterer at Stranda kommune er ordførar og rådmannstyrt og alle spørsmål om saker, politiske vedtak eller andre synspunkt ope blir møtte med motangrep.

At Frp-gruppa er aktive, setter seg inn i saker og skaffer seg kompetanse, må vel vere betre enn ei lydlaus og passiv forsamling i kommunestyret, der dei fleste som i til dømes Sp der dei aldri eller svært sjeldan engasjerar seg i saker, men berre diltar etter det ordføraren seier.

Vi minner ellers om at foranledningen til dette starta med ei varsling frå ein av Frp sin kommunestyrerepresentantar, angåande både han og heile kommunestyregruppa til Frp, som ingen har brydd seg noko om.

Det skal tydeligvis vere slik i Stranda kommune.

Vi tar dette til etterretning, men kjem sjølvsagt til å fortsette å arbeide for Nye Solbakken omsorgsenter, renovering av Ringstad skule, bygge fleirbrukshall på Stranda, sikre bruken av djupvasskaia på Hellesylt med landstraum, ny cruisekai på Stranda, renovere ferdig Sunnylven skule, nødvendig infrastruktur i Geiranger osv.