Lesarinnlegg:

Kvifor er Sp for Møreaksen?

Frank Sve  Foto: Nils Harald Ånstad / Sunnmørsposten

Meiningar

Ufatteleg at Nordmøringen Jenny Klinge og Sp er for Møreaksen, noko som 68 % av befolkninga ikkje vil ha.

Har undra meg lenge over «kuvendinga» til Sp ang Møreaksen, der alle huska at dei lova før sist valg å støtte Romsdalsaksen, for så å snu tvert om etter valget der Sp gjekk samrøystes inn for Møreaksen.

Sp i praksis, seier ein ting før valg, og stikk motsett etter.

Får vel sikkert ei «skyllebøtte» frå Jenny Klinge eller Geir Inge Lien, som begge er flinke på å sitte musestille i båten, og håpar på at ingen i fylket oppdagar den egentlige Sp-politikken her i fylket,

Sp for Møreaksen, kraftig kutt og nedleggelsar av utkantskular, og satsing på bompengepakkar!

Frp er distriktspartiet her i fylket, vi lyttar til folket som ynskjer å skrote Møreaksen og heller ynskjer Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden.

Sp diltar etter Orten og Høgre, og har i sak etter sak blitt partiet for Møreaksen framfor nokon.

Stortingsvalget til hausten dreiar seg om kven innbyggjarane i Møre og Romsdal skal sende på tinget.

Då er Sylvi og Frank og Frp eit klart valg, i kampen for å skrote Møreaksen ein gong for alle etter valget, og vi er reelle ombodskvinne og -mann for deg som innbyggjar i Møre og Romsdal.