Lesarinnlegg:

Grøn Siesta

Meiningar

Nyss har fortalt om dei grøne bussane i Sykkylven. Dette kallar fram minne frå oppbygginga av Siesta-møblane.

Eg tok til som driftsingeniør for Siestaproduksjonen i 1971. Siesta-delane vart då tørka over natta i rommet der dei vart lakkerte. Dette førde til dårleg miljø, med ubehageleg lakkdunst for dei som skulle lakkere nye Siesta-delar neste dag.

Eg prøvde å finne maskiner som kunne lakkere Siesta, mellom anna på den internasjonale maskinmessa Ligna i Hannover. Men, lakkeringsmaskiner for Siesta var ikkje å finne.

Trallfa på Bryne eksperimenterte på denne tida med “ein sjølvkonstruert manipulator” for å lakkere eigenproduserte trillebårer.

Etter innbyding og samarbeid med Trallfa vart det eksperimentering i ein tidsperiode, for å tilpasse manipulatoren for Siesta-lakkering. Den grøne fargen som vart brukt til trillebårene vart også brukt til Siesta- lakkeringa.

På denne tida var data og mobiltelefonar ikkje “funne opp”. Heller ikkje Robotar.

Manipulatoren vart derfor styrd av “musikk kassettar”. Dette fungerte fint, bortsett frå at “armen som lakkerte”, av og til “sveiva” som av ein orkester dirigent, i middagstida om dagane.

Eg kommenterte med eit smil, at dette måtte vere verdas første dirigent-Robot for orkester.

Og fekk smilande svar tilbake. At verdas første dirigent-Robot, no også kunne lakkere Siesta.

Etter ei tid var verdas første Robot innstallert, for perfekt lakkering av Siesta i over 10 år.

Deretter, Robot-pensjonering på møbelmuseet.

Ein av dei grøne Siestastolane vart sendt tilbake frå Trallfa, for henting på godsterminalen i Sykkylven. Då Arnold Weiberg-Aurdal var innom der ein visitt, vart han overraska over å sjå ein “Grøn Siesta”. Ja, no skal dei grøne bussane ha grøne Siestastolar, fekk han vite med glimt i auget.

Dirigent-lakkering av Siesta vart det ikkje. Eg fekk opplyst at årsaka til “dirigent lakkeringa” var, at Stavanger-ensemblet hadde orkestermusikk på radioen i middagstida. Roboten syntes då at det var meir interessant å dirigere til deira musikk, enn å “lytte til kassettane” for å lakkere grøne Siesta.