Dagens kommentar, 28. mai 2021

Vingling

Usamd: Trond Giske (Ap), er ikkje samd med kulturminister Raja om regelverket knytt til breiddefotballen.   Foto: Ole Martin Wold / NTB

Meiningar

Kulturminister Abid Raja (V) og tidlegare Ap sine kulturminister, Trond Giske, som no er partiet sin idrettspolitiske talsperson, er på ingen måte samde om kva som skal gjerast med regelverket når det gjeld breiddefotballen i desse koronatider. Giske har skulda kulturminister Raja for fullstendig å mangle innflytelse i si eiga regjering i spørsmålet om gjenopning av breiddefotballen. Kulturministeren går rett i strupen på Giske, og kallar utspelet for både opportunistisk og uverdig. Giske repliserer med å seie at regjeringa er fullstendig fråverande i dialogen med idretten, og det kan sjå ut til at det har gått prestisje i at alt anna skal bli opna før breiddeidretten.