Lesarinnlegg:

Grip sjansen, statsråd Bollestad!

Arne Sandnes  Foto: Anniken Westad

Meiningar

Som landbruksminister er du staten sin fremste våpendragar i forhandlingane med bøndene om jordbruksavtalen. Ein avtale som handlar om arbeidsvilkår og inntektsmulegheiter for ei yrkesgruppe. Som handlar om lagnaden til dei såkalla «fellesgoda som modernæringa leverer - i tillegg til mat og næringsmiddel. Nyleg presenterte du staten sitt tilbod for avtaleåret 2022. Det var ein pakke som både gardbrukarar og folk flest oppfatta som eit skambod og ein direkte hån mot bøndene. Hån mot ei yrkesgruppe som arbeider 24/7 og nesten 50 helger i året. Hån mot dei som møter på arbeidsplassen i høgtider når andre tek fri og dreg på hytta. Hån mot dei som står på for å kunne produsere «verdens viktigaste vare» - maten du og eg treng kvar einaste dag. Kortreist mat til og med! Ein hån mot dei som leverer «fellesgoda» som t.d. kulturlandskap, biologisk mangfald, beredskap og kulturminnevern. Ein hån mot dei som gjer at det bur folk i heile landet. Takka dei får er tilbod om ei luseløn som luktar sosial dumping, der timeprisen ligg under tariffesta minsteløn for ufaglærte sesongarbeidarar frå utlandet. På toppen presterer du å utrykke skuffelse – til og med på bonden sine vegne - for at næringa ikkje ville krype til forhandlingsbordet! Det burde du spart deg! Det er deg sjøl du bør vere skuffa over! Ikkje berre skuffa - men skamfull!

KrF under falskt flagg

Inntrykket folk sit att med er, at ditt parti KrF, har segla under falskt flagg. Med løfter og festtaler har KrF i årevis profilert seg som «Bondens beste venn». Mange har trudd på dykk. Meg sjøl inkludert. Helt til no. Heilt til du som statsråd slapp katta ut av sekken og viste at KrF ikkje er til å stole på likevel! Med deg som faneberar i landbruksdepartementet, hadde KrF no ein gylden mulegheit til å demonstrere rettferd og solidaritet med ei yrkesgruppe som har sakka meir og meir akterut i løn og velstandsutvikling jamført med andre. Den sjansen greip du ikkje ! Du viste verken kraft eller mot. Verst av alt er at du handla mot betre vitande. Det er feigt og særdeles klanderverdig å sparke nokon som alt ligg nede. Dessutan ligg det himmelvidt unna det som eg har oppfatta er ideologien til KrF.

Med di skamlause handtering av denne saka, har du skapt eit inntrykk av at jordbruksforhandlingane er ein selskapsleik. Ein leik med tal og med menneskelagnader. Ein leik som for tusenvis av familiar er dødsens alvor. Eit spørsmål om å vere eller ikkje vere! Eit spørsmål om korleis dette landet skal sjå ut i framtida. Eit spørsmål om Noreg berre skal bli ein brattare og våtare versjon av attgrodde svenske skogsbygder. Mange er fortvila og stemplar handlemåten dykkar som hyklerisk! Fleire har sagt at dei har større respekt for «bondehataren» Trygve Hegnar enn for dagens landbruksminister. Hegnar er ærleg på at han ønskjer bøndene dit pepparen gror. Han slæst med blanke våpen. Vi veit at han er Ulven! Men han opptrer ikkje i fåreklær!

Du får ein NY sjanse

Som statsråd og representant for KrF, har du gjort partiet ditt ei bjørneteneste. Det kan til og med vise seg å bli eit banesår som sender KrF hovudstups ut av stortinget. I så fall har du som landbruksminister skrive deg inn i historiebøkene med gravskrift. Men - alt håp er ikkje ute! Du får ein NY sjanse til å berge ettermælet til deg og partiet. Den sjansen kjem når jordbruksavtalen skal handsamast i stortinget. Sjansen ligg i at du legg deg flat, er audmjuk og ber om tilgiving for kongeblunderen. I tillegg må du få regjeringa med på ei skikkeleg påplussing, dvs.min. 1 milliard kr, i staten sitt tilbod. Viss Erna ikkje vil godta dette, bør du trekke deg som landbruksminister. Då viser du at du tek ansvar. Då viser du solidaritet. Då yt du rettferd! Då demonstrerer du at du er heil ved. Då skal sjøl eg love å gi KrF mi stemme i haust - endå om eg høyrer til i eit anna parti. Mange andre trur eg vil gjer det same. Det kan løfte KrF over sperregrensa og deg ut av skammekroken.

Bordet er dekka, statsråd!

Denne gongen må vi alle legge partitaktiske omsyn til side og løfte i flokk. Dette er ikkje tida for å ri kjepphestar eller for å leite etter syndebukkar. Tampen brenn for modernæringa som er heile nasjonen sin livsnerve. Åtte av ti ordførarar har skjønt teikninga og sagt at dei støttar kravet til bøndene. Kommunestyre har gjort det same. Stortinget har tidlegare gjort vedtak på at inntektsgapet skal tettast. Dette er ei sak der du har folket i ryggen, statsråd ! Bordet er dekka! No kan du trygt demonstrere handlekraft og vise for all verda kva du står for. Denne saka er verdt å stå opp for! Ho står over partia. Grip sjansen, statsråd!

Dersom regjeringa avviser å høgde tilbodet til bøndene, kan KrF som parti sjøl fremme eit forslag om påplussing i stortingssalen. Og stemme for det! Om nødvendig mot dykkar eiga regjering. Det vil gi gjenlyd. Det vil vise at KrF likevel er til å stole på i landbrukspolitikken. Slik kan du og KrF gjenreise tilliten. Om du og KrF derimot vel å ikkje nytte dette «vindauget», vert det tolka som mangel på politisk vilje. Det trur eg svært mange veljarar vil merke seg!