Dagens kommentar, 9. juli 2021

God sommar!

Heimeferie: Mange vil nok legge sommarferien til nærområdet også i år.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Meiningar

For mange vert det også i år ein annleis ferie. Sjølv om det er lys i tunnelen, så pregar koronapandemien reisehungrige nordmenn. Turmåla er ulike. Fleire har plotta inn ein eller annan stad langs dei sørlegare breiddegradene, medan andre held fast på at det blir ferie i vår heimlege andedam denne sommaren også. Pandemien har gjort sitt til at bubil, fritidsbåt, telt og hengekøye er populært som aldri før. Også kjøp av hytter har stått i fokus dette året.