Kvifor stemme SV ved dette stortingsvalet?

13. september er det stortingsval. Allereie frå 10. august kan du førehandsstemme. Du og eg, og alle som har stemmerett, kan vere med og påverke kven som skal representere Møre og Romsdal på Stortinget dei neste fire åra.

SV: Ingrid Opedal vil ha Kjerstad (bilete) inn på Tinget.  Foto: Privat

Meiningar

Eg har ikkje tenkt å skrive eit vondt ord om nokon av kandidatane som stiller til val. Eg trur folk er leie av krangling mellom partia og skitkasting på andre kandidatar. Eg vil heller argumentere for kvifor stemma mi går til SV, og kvifor eg håpar mange vil gjere som eg, slik at Birgit Oline Kjerstad kan ta plass på Mørebanken til hausten.

Både landet vårt og verda er inne i ei lagnadstid. Det handlar om eit klima i ulage, og ein natur som vert skalta og valta med fordi nokon skal tene pengar eller på grunn av mangel på kunnskap. Det handlar om aukande skilnader mellom folk, og eit aukande gap mellom privat rikdom for dei få og offentleg fattigdom som går ut over dei mange. Det handlar om nedbygging av distrikt, landbruksnæring og helsetenester der folk bur. Det handlar om privatisering og eit arbeidsliv der dei som står i frontlinja, til dømes i pandemien, verken får tilbod om heile stillingar eller skikkeleg betaling.

Lista kunne vore lenger, men eg stoppar her. Poenget mitt er at det aldri har det vore viktigare å ha folk på Stortinget som både har hjartet på rette staden, og evne til å tenkje klart og langsiktig. Dei neste fire åra vert avgjerande for om me greier å stanse klimaendringane utan at det går ut over naturmangfaldet. Sentraliserings- og privatiseringspolitikken må snuast, me må satse på distrikt, matproduksjon og dei nye grøne næringane som skal ta over for olja, og me må stanse forskjellsutviklinga.

Dei fleste kjenner nok Birgit frå kampen mot vindkraft på Haramsøya. Mange kjenner henne også som bonde, og frå tillitsverv i ulike landbruksorganisasjonar.

Eg kjenner henne også som eit varmt menneske; eit menneske som er genuint glad i naturen og vil verne den, men også ei som er oppteken av at kvardagen til folk skal vere så god som råd. Gratis tannhelse og SFO er to av velferdssakene SV, og Birgit, går til val på.

Eg meiner Mørebanken treng ei som henne, som har kjent på kroppen både korleis storsamfunnet køyrer over lokalsamfunn, og kor viktig det er å ha gode og rimelege velferdstenester når det trengst.

Difor håpar eg mange vil gjere som meg, velje stemmesetelen til Møre og Romsdal SV denne gongen og sikre Birgit Oline Kjerstad plass på Tinget!