Senterpartiet krev betre polititenester i Møre og Romsdal

SP: Jenny Klinge, justispolitisk talsperson og førstekandidat i Møre og Romsdal.   Foto: Ragne B. Lysaker

Meiningar

Regjeringa har lagt ned 126 lensmannskontor og sentralisert bort over 60 passkontor. I forrige veke lanserte Erna Solberg det som skal vera plasteret på såret: To passbussar. Ein for Sør-Norge og ein for Nord-Norge.

– Blant folk som bur i distrikta, er det mange som ikkje vil ha tid til å stille opp når passbussen berre skal koma ein gong i jubelåret. Mange vil måtte melde pass når denne kjem sjølv om dei ønskjer å skaffe seg pass i nærleiken av der dei bur. Dette blir jo berre for dumt, seier Jenny Klinge, som er justispolitisk talsperson for Senterpartiet og førstekandidat i Møre og Romsdal.

Klinge reagerer på at berre to passbussar skal dekkje heile landet. Ho nemner eksempelet Evje i Setesdal, der passbussen skal koma berre ein gong i halvåret. Ho viser til at Møre og Romsdal har store avstandar og legg vekt på at folk både i Sør-Norge og her i fylket fortener passtenester i rimeleg avstand til der dei bur.

– Vi i Senterpartiet går til val med slagordet «Nær folk» og vi talar varmt om tenester nær folk i heile landet. Det regjeringa gjer, er stadig å sørgje for det motsette. Heile passreforma er ei avstandsreform, på same måte som nærpolitireforma, kommunereforma, regionreforma og domstolreforma. Dei gir ved alle slike sentraliseringsreformer blaffen i at ulempa og kostnaden ved større avstandar må takast av innbyggarar og næringsliv, sier Klinge.

Senterpartiet går til val på å opprette lensmannskontor og politipostar gjennom ein fireårig «opptrappingsplan for mer tilstedeværende nærpoliti». Planen skal iverksettast frå 2022, og inneber ei styrking også av dei lensmannskontora som har mista ressursar etter nærpolitireforma. Partiet melder at også fleire passkontor skal opnast for å få tenester nær folk – heile året.

– Vi i Senterpartiet meiner at passutstedelse og andre forvaltningsoppgåver som politiet tidligare har hatt bør ligge lokalt så langt som mogleg. Poenget med statlege tenester er jo at dei er til for folk. Kva er det neste frå Erna Solberg? NAV og fastlege i buss? avsluttar Klinge.