Folkets grøne skifte i Møre og Romsdal

Meiningar

Den siste rapporten frå FN’s klimapanel får alarmklokkene til å ringje. Det same gjer tilsvarande rapportar om tap av artsmangfald og stadig hyppigare naturkatastrofer. Verda opplever ikkje berre ei, men mange kriser.

Men- ei krise kan brukast til å skape noko nytt! Koronapandemien viser at det finst pengar når fare trugar. Den har og vist at vi menneske er i stand til å endre måten vi lever på. 13. september skal vi velje nytt storting. Det vert eit avgjerande val, også for oss i Møre og Romsdal. Vi kan velje politikarar som vil halde fram med utviklinga som har skapt krisene, som forsterkar ulikskap og øydelegging av natur. Eller vi kan velje kloke menneske som vil mobilisere for klimahandling, fellesskapsløysingar, trygge jobbar og ei utvikling som spelar på lag med naturen. Ei slik klok dame er 1. kandidaten til Møre og Romsdal SV, Birgit Oline Kjerstad.

Ho vil bruke dei neste fire åra til å gjennomføre det store prosjektet til SV, folkets grøne skifte. I tillegg til å vidareutvikle eksisterande næringar, skal det skapast nye.

  • Den maritime industrien, som Ulstein verft og Fiskerstrand verft, er allereie spydspissar i utviklinga av grøn transport til sjøs. Grøne, billige ferjer skal erstatte milliardsluket ferjefri E 39, og pengane setjast inn i trygge kvardagsvegar
  • Vi skal bruke kompetansen som finst i oljeindustrien, ma i Kristiansund, til å utvikle dei nye næringane, og den kraftkrevande industrien i Sunndal skal sikrast rimeleg energi for å produsere verdas mest miljøvenlege aluminium
  • Mange bedrifter, som Vertikalservice og Norwegian Group i Volda, er allereie store innanfor fornybarbransjen, og må få støtte til å utvikle seg vidare
  • Vestlandslandbruket skal styrkast og bidra til auka sjølvberging, med Nibio Tingvoll som spydspiss.
  • Fødestova til silda på Mørebankane skal vernast, og Runde miljøsenter skal vidareutviklast som kompetansesenter på livet i havet

Nye arbeidsplassar og eksportinntekter skal erstatte dei som går tapt i oljeindustrien, men alt må skje innanfor dei rammene natur og klima set. Staten må ta ei mykje meir aktiv rolle, og skiftet må skje på ein rettferdig måte som sikrar at alle kan ta del, uavhengig av økonomi. Er du samd i dette, må du gjerne stemme på SV denne gongen!