Aure kai, Sykkylvens ansikt på godt eller vondt?

Jan Lade  Foto: Christine Fohlin Verneland / Arkiv

Meiningar

Tida er i ferd med å renne ut: Korleis skal «ansiktet» til Sykkylven sjå ut frå sjøsida? Frå gjennomfartsvegen? Korleis skal Aure sentrum ta imot folk? Korleis vil vi at Sykkylven sentrum skal bli huska? Dette har å gjere med arkitektoniske grep innan såvel uttrykk som innhald.

Ulike ordførarar og kommunestyre har hatt sjansen, men tross mange delinitiativ, ingen har makta å få fram ein heilheitleg plan. I staden kjem private initiativ som kanskje tenar den enkelte, men heilheita? Fasiten burde heller vere slik at ei god heilheitleg løysing også ville tene dei private initiativa best.

Spør du ungdom som vurderer å flytte heim, så kjem trivsel og «rom til å møtast i – gjerne uterommet» - høgt på lista. Det same kan seiast om tilreisande, - det er ofte der vi liker å stoppe når vi er på tur. Har du først stoppa kjem gjerne etterfølgande handel. Mange har og fått opp augene for verdien av openheit mot sjøen etter at Godsterminalen forsvant. Attraktivitet er kanskje det ordet som burde telle mest når ein snakker om verdien på «indrefileten» som politikerane ynder å kalle denne stripa. Ja, det er både billeg og effektivt å bygge firkanta klosser, det er mange kommunar som har gått i den fella og som har øydelagt strandlina si, attraktivt er det ikkje. Det finst andre måter å gjere det på.

Mange er frustrerte over at Sykkylven ikkje greier å få til ein samla, heilheitleg plan over det ein kan kalle sjølina i Aure sentrum. Kanskje har ynskja hatt for mykje preg av urealisme heller enn å sette pris på det enkle?

Kommunen bør sette krav til utbyggar, det vil utbyggar også tene på. Om uttrykk, dels om innhald. Då må det føreligge ein plan som kommunestyret skal godkjenne, men ikkje utforme. Det er ei arkitektoppgåve. Kommunen kan ha ynskjer, - men er ynskja for bombastiske så vert det lite tankeflukt over svara.

Ein samanhengande gangveg – promenade – frå Ullavika til Haugneset burde vere ein sjølvsagt ledetråd som ein start, med tilhøyrande stoppunkt og aktivitetar. Sol, vind eller regn. Det er slik det er her. Sjå til Valldal, gå promenaden. Bli inspirert.