Framlegg til vedtak: Kommunestyret viser til behandlinga av sak 084/22 ang Stranda Energi as og eigarskap og endring av vedtekter for aksjebytteavtale med Tussa kraft as. Dette vedtaket vart til slutt samrøystes vedteke som slo fast at Stranda kommune skal eige Stranda Energi også i framtida samt fallrettane på Fausa. Kommunestyret står fast på vedtaket i sak 084/22.

BAKGRUNN FOR SAKA: Det vises ellers til at det overhode ikke har tilkomme noko som helst nye vektige argument som skulle tilseie at ordførar Tryggestad skulle kunne ha nokon som helst rett til å setje saka på dagsorden igjen berre dager etter siste kommunestyremøte.

Einaste nye opplysningar som har tilkomme, er at lokale investorar har skriftleg tilbydd i prosessen i haust 290 mill kr for kjøp av Stranda Energi, opplysningar som IKKJE har vore lagt ved saka, og har blitt holdt hemmeleg av styret og av ordføraren.

Dette er sterkt kritikkverdig, og styrkar ytterlegare kommunestyret sitt samrøystes vedtak i saka i sak 084/22. Underskrevne kommunestyrerepresentantar viser til sak 106/22, Stranda Energi- Eigarskap, som er ført i penn av ordførar Jan Ove Tryggestad. Ordføraren viser til kommunelova og brukar retten til å setje saka på nytt i kommunestyret ang Stranda Energi og eigarskap. Dette har ordføraren sjølvsagt retten til. Derimot er det svært spesielt at ordføraren opptrer diktatorisk, setter totalt til side rådmann som saksutgreiinga og sakansvarleg og hennar lovheimla rett og plikter jamf kommunelova.

«Her viser sjølvsagt ikkje ordførar Tryggestad til lovheimel, men overtek sjølv rolla som saksbehandlar, saksansvarleg, innstiller til vedtak, og skal liksom til slutt verre med og behandle saka» Dette er mildt sagt spesielt, og er kun heimla i kommunelova i saker kring tilsetting av rådmann. At ordføraren setter saka på dagsorden betyr ikkje at ordføraren har «all makt i denne sal» i kommunestyret, og setter tilside alle saksbehandlingsregler samt normale demokratiske prosessar. Èin slik framgangsmetode frå èin ordførar mot eit samrøystes kommunestyrevedtak, er også oppskrifta på det totale kaos i demokratiske prosessar og kollegialt samarbeid i eit kommunestyre. «Når vi også får høyre at ordføraren truar med at dersom han ikkje får igjennom denne saka så sluttar han med all politikk, sannsynleg at èin slik framferd er sjølvforklarande for å kunne forlate politikken og demokratiske prosessar for godt for Tryggestad vil vi tru» I eit demokrati har vi ikkje verken rom eller plass for personer som ikkje aksepterer eit samrøystes vedtak i eit kommunestyre.  Bakgrunnen for å ta opp igjen denne saka dett på steingrunn og er eit alvorleg overtramp overfor eit kollegialt folkevalgt nivå som kommunestyret i Stranda kommune faktisk er. «Kven ynskjer å delta i politisk folkevalgt arbeide dersom ein ordførar kan holde på slik»

SAKSUTGREIING: Denne saka vart debattert i mange timer i kommunestyret den 2/11-2022, og det er ikkje komme fram nye moment i saksutgreiinga frå ordføraren. Snarar tvert imot har det komme informasjon om at Stranda Energi har fått skriftleg bud frå lokale investorar i prosessen i haust på heile 290 mill kr. Dette er informasjon som er heilt teke vekk frå tidligare saksutgreiing og det kjem også fram informasjon om at styreleiar og delar av styret har aktivt  motarbeidd ei slik løysing. Med andre ord, dersom iveren til ordføraren for å hente ut «raske penger» frå Stranda energi as, ville det verre flere andre løysingar som ville verre svært så mykje betre for eigaren Stranda kommuen og for kommuneøkonomien. Ordføraren framfører i si private saksutgreiing akkurat dei same argumenta som han gjorde i kommunestyremøtet den 2/11 då saka vart debattert. Ikkje eit einaste nytt momente er komme på plass. Rette før og under møtet flekk vi informasjon om at Stranda Energi as har vore dyktige i kraftomsetning og ligg ann til flere titalls mill kr i overskot både i 2022 og 2023. Såleis vil Stranda kommune kunne ta ut vesentlige beløp større enn ved ein emisjon til Tussa, ved å fortsatt eige selskapet. Det er heller ikkje slik at det må gjennomførast større investeringar umiddelbart, men her er det rom for ein ordentlig plan og vurderingar av kva som er nødvendig. Realismen i eit mulig utbytte frå Tussa as er lik null, no med bakgrunn i svært lave kraftpriser i vårt område sist år, samt at regjeringa innfører auka grunnrenteskatt på kraftproduksjon med tilbakeverkande kraft frå og med 1/1-2022. Andre kraftverk slik som Tafjord kraft osv har varsla sine eigarar at det ikkje kjem til å bli utbytte frå drifta i år, noko som sjølvsagt også vil gjelde Tussa. Såleis er dette saksområdet og argumentasjonen til Ordførar Tryggestad angi dette feil og har ikkje snev av realisme, dette veit alle som har sett seg litt inn i kraftproduksjon og saker kring dette i det siste året. Dersom eit fleirtal likevel vil selge Stranda Energi as i framtida, vil det no være svært viktig å få orden på drifta av selskapet og sørge for stødig drift framover. Dette vil styrke verdien av selskapet. Ved ei framtidig salg vil ein igjen sannsynlegvis kunne få lokale investorar til å sikre at selskapet fortsatt er i bygda, noko som vil sikre arbeidsplassar og at «arvesølvet» ikkje blir sendt til Ørsta eller andre stadar. Uansett er ein aksjeemisjon og aksjebytteavtale med uttak av midlar som blir tufta på dårlig kommuneøkonomi slik ordførar Tryggestad panisk framfører, det verst tenkjelege utgangspunktet. - slik må rett og slett berre gå gale. Så merkar vi oss at både daglig Leiar og tilsette er ute i ulike samanhengar og vil slutte, har ikkje trua på selskapet osv. Inga bedrift klarer å bestå eller kunne utvikle seg sunt og positivt inn i framtida, dersom leiinga og dei tilsette i ei bedrift snakka ned si eiga bedrift. Såleis er det eit sterkt håp om at Stranda energi as i framtida får ny både leiing og tilsette, som både er positive og framtidsretta til det beste for selskapet og eigaren Stranda kommune. «Det finnast overhode ikkje problem med å finne personer som kan drifte godt eit slikt selskap»

VURDERING:

Stranda Energi as har i lang tid arbeidd med ein mulig aksjebytteavtale med Tussa, som i realiteten er eit salg av selskapet. Det har vore mange møter og leiinga samt styreleiar har også gjennomført møter med dei ulike politiske parti osv, for å påverke saka i si retning. Saka vart lagt fram etter ein lang og grundig prosess til kommunestyret i Stranda kommune den 2/11 i sak 084/22. Denne saka vart oppretta lovleg ved rådmannen og behandla i kommunestyret etter alle gjeldande lover og regler. Det krevast 2/3 fleirtal for å kunne endre vedtektene i selskapet som opnar opp for andre eigarar av Stranda Energi enn Stranda kommune. Saka vart svært grundig debattert etter ei grundig orientering og einsidig saksframlegg frå styreleiaren som forfekta fleirtalet sitt syn i saka. Mindretallet sitt syn i saka vart ikkje teke med verken av styreleiar eller ordførar, men vart fremme opp som alternativt framlegg i møtet. Det oppnådde ikkje 2/3 fleirtal for fleirtalstilrådeinga frå styret om aksjebytteavtale med Tussa, og saka med endring av vedtektene fall. Det  vart etter dette fremme fram framlegget frå mindretallet i styret i Stranda energi ført i penn av Halvar Fjørstad og Toril Ansnes. - Dette framlegget vart samrøystes vedteke, eit vedtak som slo fast at Stranda kommuen skal eige Stranda energi og fallrettane i framtida. Nettet kunne fusjoneres med andre. Det finnast derfor absolutt ingen rasjonell grunn for ordførar Tryggestad å ta opp att denne saka, og slett ikkje på ein måte der ordføraren si håndtering framstår nærmast som eit «statskupp». Ein ordførar kan ikkje forsøke å drive ei kommune som si eiga pølsebod, eller på ein måte der han skal ha aller roller, saksutgreiinga, saksansvarleg, innstille til vedtak og deretter delta i å behandle saka med bakgrunn i seg sjølv og sine eigen saksutgreiinga og med sine egne ord. Økonomikortet som ordføraren dreg, var vel kjent og debattert i saka den 2/11, og absolutt alle viste at det må omstilles ca 45 mill kr i neste års budsjett. At det er dette som ordførar Tryggestad brukast som argument for å kunne ta opp att saka er rett og slett ganglaust og har ikkje verken juridisk eller andre saklege grunnlag. Ei sak ang Stranda energi som kommunen har hatt i eige i over 100 år, skal ikkje avgjerast på irrasjonelt vis av ein irrasjonell ordførar som ikkje ser kva som er det beste for verken selskapet eller eigaren i dei neste 100 åra. Kommunestyret har slått fast at det beste er at Stranda kommune eig Stranda Energi og fallrettane inn i framtida, noko som sjølvsagt er 100% fornuftig i ein situasjon der kraft og fornybar rein kraft er å sjå på som GULL inn i framtida. Saka til ordførar Tryggestad burde sjølvsagt aldri komme på sakskartet, og mange lurer faktisk på om dette var ei rasjonell handling.

 Med bakgrunn i ordføraren si «privatpraktiserende» saksbehandling, vart det nødvendig med eit slikt brev.

Vi håper det aldri seinare blir nødvendig å gjere dette.