Tor Waaler har skrive eit innlegg i Nyss med den besynderlege overskrifta «Overskudd Roger Hofseth». Waaler er ikkje berre jurist, han stiller og til val for Arbeiderpartiet i Stranda.

Waaler ser det som eit problem at konsernsjef og største eigar i Hofseth International, Roger Hofseth, sjeldan snakkar om overskot eller profitt. Hofseth kan sikkert svare for seg sjølv, men til orientering viste konsernrekneskapen for i fjor eit underskot før skatt på i underkant av 300 millionar kroner. Så når Waaler etterlyser meir snakk om profitt, har ikkje Hofseth hatt så mykje å slå i bordet med.

Når Hofseth likevel satsar iherdig vidare på utvikling av den største private verksemda i Møre og Romsdal, er bakgrunnen dei store moglegheitane han ser for havbruksnæringa. Bodskapen hans til politikarane som nyleg var på vitjing til visningsanlegget i Tafjord, var at oppdrettarane med enkle løysingar kan få meir produksjon, auke i skatteinntekter og meir innovasjon. I Sunnmørsposten vart Hofseth sitert på at; «Systemet og forvaltningen må forenkles, slik at det blir enklere å foreta seg bærekraftige løsninger».

I Høgre lyttar vi til kva Roger Hofseth faktisk seier. Vi vil saman med havbruksnæringa sørge for føreseielege rammevilkår og vere positive til nye lokalitetar – også i Stranda. Tor Waaler skriv derimot at utsegnene er kamuflasje for eit profittjag «med vakre ord som bl.a. arbeidsplasser og bærekraft». Waaler meiner dei offentlege styresmaktene er for veike, og at dei taper i kampen mot oppdrettsnæringa. «Politikere og forvaltning må på banen».

Spørsmålet mitt går til Knut Dag Langeland, ordførerkandidat for Stranda Ap: Er dei synspunkta Waaler gir uttrykk for representative for partiet? Og i så fall; kva vil de gjere i styre og stell for å stogge «profittjegaren» Roger Hofseth?