Arbeidarpartiet vil både ha reduserte fergetakstar OG god frekvens. For ferga er kritisk infrastruktur langs heile kysten.

Høgre sine kandidatar frå Sykkylven er opptekne av ferger. Det er bra. Det er vi i Arbeidarpartiet også.

Det var difor Arbeidarpartiet, etter initiativ frå m. a. Sykkylven Arbeidarparti og hardt arbeid frå Hans Petter Brunstad Sørensen, fekk løfta halverte/gratis fergetakstar som ein nasjonal sak og no er i ferd med å gjennomføre dette nasjonale løftet på rekordtid.

Det er heilt nødvendig etter alle prisaukene frå då Høgre og Frp hadde makta på Stortinget. Eg er også helt einig i at ferga må gå både på dag, kveld og helg. Difor er det viktig at fylkeskommunen får tilstrekkeleg finansiering. Det er ikkje riktig, som Høgrekandidatane antyder, at Ap og Sp vil svekke finansieringa av Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette er så langt berre foreslått av et ekspertutval. I den saka er det nok betre at vi står saman tverrpolitisk i Møre og Romsdal til beste for fylket, framfor forsøk på å slå politisk mynt på saka. Jeg rår til at Høgre sine folk i Sykkylven byrjer med å ta opp saka i eige parti, for derifrå har det så langt vore heilt musestille. Og neste gong de treff Hans Petter på ferga, kan de kjøpe han ein kaffikopp og takke han for innsatsen med å få redusert fergetakstane!