Det skulle skine av kommunar og fylke, berre Sp kom til makta, fasiten vart tidenes dårlegaste økonomiske grunnlag for kommunar og fylke.

I 12 år har Sp og Ap kutta mellom 20–35 millionar kroner per år til vidaregåande skular i Møre og Romsdal, blir det vanskeleg å ta på alvor at partiet no forsøker å kritisere dagens fleirtal i fylket.

Enda verre blir dette når fylket eigentleg skulle ha fått 4,3 prosent auke i overføringane frå Sp’s finansminister og partileiar i 2024, for å kompensere for pris og lønnsvekst.

Fasiten vart 1 prosent i realnedgang i overføringa til fylket frå Vedum og co., med andre ord minus 5,3 prosent av om lag 7 milliardar kroner i fylkets budsjett.

Gratulerer Sp, resultatet vart tidenes verste budsjett frå ei regjering til vårt fylke, som faktisk no resulterer i store rasjonaliseringskrav.

Fleirtalet i fylket, FrP, Høgre, KrF og Venstre har gjeve klar beskjed til fylkeskommunedirektøren at skule og tenesteproduksjonen skal skånast mest mogeleg i rasjonaliseringa som må på plass.

Det same gjeld viktig infrastruktur slik som ferjedrift, asfalt og trygge vegar.

Fylkeskommunedirektøren ryddar no opp etter Sp og co. i skular med meirforbruk i 2023, dette har ikkje noko med fleirtalet sitt budsjett for 2024.

Så har ingen sagt at 1,7 prosent i rasjonaliseringskrav skal skje som «ostehøvel» her bør bortimot null bli kutta innan skule, og til dømes samferdsel har nok av stillingar som kan kuttast. Det same gjeld haugevis med unødvendige prosjekt, planar, program samt kurs og konferansar, dette kan kuttast klart og tydeleg.

Sp og til dømes Tove Henøen bør heller rette sin kritikk mot sin eiga regjering, som i realiteten har kutta hundrevis av millionar kroner i rammene til Møre og Romsdal fylkeskommune for 2024.

Vi i fleirtalet i fylket skal gjere det vi kan for å sikre lovpålagd tenesteproduksjon, men dette er slett ikkje lett med konsekvensane av tidenes verste regjering for kommunane, fylka, næringslivet, og distrikta her i landet.