Det er eit veksande behov for pleie og omsorg til personar med demens også i Sykkylven. Ein større del av befolkninga blir råka – og verre skal det bli, i takt med auken i talet på eldre. Forskarar peikar på at 80 % av av dei som utgjer «eldrebølgja» vil bli leve med demens.

Tilbodet for demente i dag er prega av tradisjonelle sjuke- og aldersheimar med eigne avdelingar inndelte etter sjukdomen sin alvorlegheitsgrad. Tyngre dementpasientar i avdelingar bak lås og slå, og mindre restriksjonar for dei med «lettare» sjukdomsbilete.

Tilsette i omsorgstenesta er heilt fantastiske medmenneske. Dei tilbyr rette medisinen; varme hender, gode smil og evne til å trøyste når angsten og uroa herjar som verst. Det er rørande å sjå korleis tilsette ofrar seg for pasientane, kokar kaffi, dekker bord, tek dei med på tur, eller berre sit i sofaen og tilbyr ei hand som gir tryggleik. Eller når solstrålane gitaristen Christiane frå Filippinane og songfuglen Unni frå Aursneset inviterer til konsert i bestestova og framkallar glede hos pasientane når dei spelar opp til allsang fra gode gamle dagar. Minne frå livet som eit sviktande kortidsminne ikkje kan viske ut. «Jeg går og ruslar på Ringerike». Pasientane syng, dei strålar av glede, det rykker i dansefoten. Kompetansen som trengst i demensomsorga er rett og slett å vere eit medmenneske som kan gi av seg sjølv.

Slik systemet er i dag, er det uheldig både for pasientar, tilsette og pårørande. Mange pårørande slit med dårleg samvit og held pasientar heime lenger enn det som er til det beste for begge partar. I følgje tilsette kjem mange pasientar ofte for seint til sjukeheimen. Når dei først kjem, er hjelpa institusjonen kan yte avgrensa fordi sjukdomen er komen for langt.

Det er på tide å tenke nytt. Demens er blitt ein folkesjukdom som må takast på alvor. Etter kvart vil denne sjukdomen få ein dimensjon som vil tvinge fram ei avgjerd om å flytte demente pasientar ut av sjukeheimen til eit eigna demenssenter. Dette senteret kan formast med tanke på dei spesifikke behova til pasientane og tilby ei heilskapleg omsorgsløysing.

Demenssenteret bør ha god infrastruktur og tilpassa fasilitetar. Eit stort uteområde med rom for tumleplass og ulike aktivitetar, og fin utsikt som bidreg til betre livskvalitet. Aktivitet og trivsel for både pasientar og pårørande – og ikkje minst godt arbeidsmiljø for tilsette som kan bidra til å skape ein meir inkluderande og givande atmosfære for alle involverte.

Kvar kan så demenssenteret ligge? Det er her eit sjeldant høve viser seg. I og med etableringa av ein ny sentrumsskule, ligg Ullavik skule og nærast skrik etter ein ny funksjon og nye oppgåver. Bygningsmassen er god, uteområda store, tomta er solrik og utsikta mot fjord og fjell er ubetaleleg. Ullavik skule er godt eigna til å å huse ei pasientgruppe i stadig vekst. Ei slik løysing vil også kunne frigjere plassar ved BUAS for menneske med andre aldersrelaterte sjukdommar og tilstandar.

Kva seier politikarane til dette innspelet frå ein av mange pårørande med dårleg samvit?