I 2018 starta Stranda kommune eit prosjekt med mål om å rigge framtidsretta og berekraftige helse- og omsorgstenester i Stranda kommune. Vi valde å trekkje inn kompetanse utanfrå. Ressurssenter for omstilling i kommunane (RO) vart valt som aktør.

Etter ein gjennomgang av ressursbruken presenterte RO ein grundig rapport i juni 2018. Då starta eit stort engasjement internt i kommunen. Det var dei tilsette sjølv som skulle gjere jobben med god støtte frå RO, og det vart oppretta 4 prosjektgrupper. Resultata av arbeidet vart presentert politikarane gjennom orienteringar og dialogmøter, og det vart arrangert folkemøter i bygdelaga for å presentere tankane for innbyggjarane. Stranda kommune brukte i underkant av 2 mill på konsulenttenester i løpet av ein 4-årsperiode. RO sitt engasjement vart avslutta i 2022, no bør vi klare resten sjølve.

Å byggje ein sjukeheim eller ein brannstasjon er «forholdsvis enkelt». Å restaurere og byggje ein organisasjon er langt meir krevjande. Enkelte synes ikkje få ha fått med seg at dette prosjektet handlar like mykje om folk som om bygningar.

Omstilling er krevjande og tek tid. Vi har ikkje oppnådd dei resultata eg såg føre meg, og politikarane ventar framleis på Kommunedirektørens (Rådmannens) utgreiing og framlegg om korleis dei framtidige omsorgstenestene i Stranda skal sjå ut.

RO sa tidleg i prosessen at måten vi driv på ikkje er berekraftig. Helse og omsorg tek ein stor del av vårt budsjett, og arbeidet vart starta for å gjere oss rusta for framtida. Vi har ikkje oppnådd nødvendig framdrift, og vi er på hæla. Då er det gjerne kutt og nedskjeringar som er resultatet. Kvifor manglande resultat av prosjektet? Det kan vere og er mange grunnar til det. Men eg vil konsentrere meg om det som er politikarane sitt bidrag. Skal vi klare omstillinga må vi spele på lag. Kommunedirektør m/tilsette, brukarane, pårørande, innbyggarane og politikarane. Og nettopp der har det svikta. Enkelte politikarar i Stranda har til dømes snakka ned prosjektet på inn og utpust. Grunnlaget er lagt. No er tida komen for å lyfte i flokk!

Og så må vi slutte å snakke ned Stranda kommune! Det er ikkje godt for noko.

Godt val!