Liabygdarane vil til Fjord. Folketalet i kommunen stuper med heile 73 personar. Sentraliseringspolitikken feilar fullstendig.

Det er svært dramatisk når folketalet i Stranda stuper med heile 73 personar. Det ser ut som om at folk «flyktar» frå kommunen. Dette trass i betydeleg mottak av flyktningar.

Liabygda sine innbyggjarar søker seg til Fjord kommune, noko som også er dramatisk økonomisk for kommunen, med sannsynleg tap på fleire titals millionar kroner per år.

Det er for seint å snyte seg når nasen er vekk. Sentraliseringspolitikken der nokon kompetanselause trur at å legge ned bygdelaga vil føre til noko godt, har fått svaret.

Kva dersom Hellesylt søkjer seg til Volda, på grunn av at dagens ordførarparti og partilause i realiteten ønsker å legge ned tenestene i bygda der?

Då snakkar vi ikkje om nokre få titals millionar kroner i tap, men sannsynleg mellom 50–80 millionar kroner årleg.

Nei folkens, vi må begynne å fokusere på kva ein kan gjere for å få auka folketalet i heile kommunen, også i bygdelaga.

Hellesylt er sannsynlegvis mot ein oppgang i folketalet grunna mogleg auka drift i Ole Ringdal etter at Nordfjordkjøtt la ned sitt slakteri.

Den nye skulen på Hellesylt til over 100 millionar kroner må sjølvsagt nyttast, det same gjeld fullverdig legekontor samt utnytting av omsorgssenteret der sjukeheimsplassane burde vore opna opp att.

Bulyst er nøkkelen, heilt sentrale tenester som skule, helsetenestene og omsorgstenestene må fokuserast på.

Dersom nokon trudde at nedlegging av Sunnylven skule kunne redde økonomien på Stranda, så er det tankeløyse og mildt sagt kompetanselaust.

Ti sekund etter eit slikt vedtak, ville privatskule i Hellesylt blitt realisert, med fleire millionar kroner i ekstrakostnad for kommunen.

Det vi trenger no er positivitet inn i kommunen, ikkje nedleggingar. Alle bygdelag må med, kravet om sentralisering frå håplause politiske miljø må skrotast langt ned i søppelkassa.

Vi trenger positivitet, bygge nye omsorgsbustadar og ny sjukeheim på Stranda, slik at folket ser ei framtid som eldre i kommunen. No fryktar folket alderdomen her i kommunen.

Kven ser for seg opphald på til dømes Solbakken, eller å bli tvinga til å vere heime når ein faktisk trenger omsorgsbustad med heildøgns pleie?

Det er også behov for ny småskule på Stranda, noko som også pressar seg fram relativt snart.

Dei kraftige kutta innan skule og eldreomsorga må stoppast, og kommunen har ei grei moglegheit til dette ved å selje sine A-aksjar i Tussa, slik andre kommunar også gjer no.

Djupvasskai på Stranda må settas full fart på, men då må det famøse vedtaket der 12 millionar kroner vart «loppa» frå Hamnekassa, leverast attende.

Skal vi stoppe «flukta frå Stranda» må det positivitet inn i politikken, ikkje fokus på sentralisering, nedlegging av bygdelaga, kutt i skule, kutt i eldreomsorga og berre elende.

Å snu dette får vi til, men då må ein faktisk auke bulysta, få igjen ei JA-haldning i kommunen, bygge under engasjement i næringslivet og prioritere dei som vil noko.