Velledalen Montessoriskule er ein FN-skule, men Stranda ungdomsskule, Ringstad skule og Sykkylven ungdomsskule og opplæringssenter er det ikkje. Eg er glad for at alle vidaregåande skular i Møre og Romsdal, som Sykkylven og Stranda Vidaregåande Skule, er FN-skular. Møre og Romsdal fylkeskommune og FN-sambandet blei einige i august 2022 om at alle elevar skal få meir kunnskap om FN og internasjonale saker.

Eg håpar alle skulane her blir FN-skular slik at fleire unge får moglegheita til å innhente enda meir kunnskap om internasjonale spørsmål, som FNs berekraftsmål, menneskerettane eller om arbeidet til FNs tryggingsråd.

Alle menneske lever på same klode. Om vi ikkje forstår samanhengane mellom land og hendingar internasjonalt, manglar vi også ei forståing som er viktig for livet vi lever. Derfor har vi i FN-sambandet over 500 FN-skular i Norge, slik at dei unge kan få meir kunnskap om FN, FNs arbeid og internasjonalt samarbeid.

FN-skule i din kommune

FN-sambandets rollespel er vår mest populære aktivitet. I dette tverrfaglege opplegget skal elevane utføre eit rollespel kor dei skal simulere eit møte i FNs tryggingsråd om ein pågåande konflikt. Aktiviteten gjer elevane god trening i grunnleggjande ferdigheiter, samt munnleg kommunikasjon, undring og utforsking, samfunnskritisk tenking og kunnskap om årsakssamanhengar. Vi håpar Stranda ungdomsskule, Ringstad skule, Sykkylven ungdomsskule og opplæringssenter, og andre skular, vil bli FN-skular og vil bruke dette undervisningsopplegget.

Mange av dykk som les dette innlegget har tidlegare vore med på rollespel i FN-sambandets regi. Vi har jobba med undervisning om FN og internasjonalt samarbeid sidan 1946 og fram til i dag. Eg håpar at dykkar barn også får den kunnskapen og erfaringa frå desse rollespela, som kanskje du fekk då du gjekk på skulen.

Dei skulane som i dag er FN-skular, får tilbod som FN-film, FN-avis, foredrag, FN-filuren for barna (FN-filuren er eit læremiddel om FN, barna sine rettar og om verden til dei minste barna), og anna. Vi har kontor over heile landet, og vil gjerne møte unge for å gje dei ei betre forståing av den verden dei er ein del av.

Eg håpar du vil støtte at skulane i Sykkylven og Stranda skal vere FN-skular.