Ein ny runde i den mykje omtala cruisesaka om nullutslepp i Verdsarvfjordane er endå ein gong ute på høyring.

Eg er spent på kven som engasjerer seg i saka i vårt område.

Over lang tid har eg følgt med på engasjementet i cruisesaka hos våre kollegaer og samarbeidspartnere i det andre verdsarvområdet i Aurland/Flåm-området i Sogn.

Gjennom heile valgkampperioden frå listenominasjonar til komande invitasjon frå Sjøfartsdirektoratet, har næringsliv og politisk miljø i «Sørområdet» vore svært aktive på fleire nivå og arenaer, mens det i vårt område er veldig stille.

I Aurland kommune hadde fleire av dei politiske partia cruisesaka i partiprogramma sine, altså ønske om å fortsatt kunne ha cruisetrafikk til Flåm i framtida.

I vår vertskommune fann eg i et par partiprogram nokre vage formuleringar om cruise, men ikkje noko sterkt engasjement for å redde Geiranger som cruisedestinasjon i framtida.

Trist!

I Aurland kommune har over lang tid lokalpolitikarar og hamnevesen stått fram på rad og rekke og fronta saka.

I Flåm har det vore arrangert møter mellom næringsliv, havnevesen og kommune.

Der er samkøyring, samstemmighet og fellesskap mellom politisk leiing, havnevesen og næring.

Dei har fått saka opp på høgste nivå i Vestland Fylkeskommune som tek saka på største alvor.

Eg har ikkje funne eller sett noko hos Møre og Romsdal, endå.

Stranda kommune og Stranda hamnevesen har ikkje invitert til noke åpe møte med næringsliv og bygdafolk i Geiranger.

Og kva med media då?

Jau, gjennom siste året, og no i valgkampinnspurten spesielt, har der vore fleire innslag om cruisesaka frå og om Flåm på riksdekkande tv-kanalar.

Bl.a. var der på TV2 et langt innslag om korleis næringslivet ville verte ramma ved bortfall av cruise.

I tillegg var der eit langt debattinnslag om for eller imot verdsarv og eller cruise.

Sogn Avis har lenge vore tett på med utallige reportasjar og interjuv med aktuelle personar.

Kvifor er det så stille og anonymt her hos oss?

Heller ikkje lokalavisene tek saka opp eller undersøker kva som skjer i Flåm. Dette er merkelig når vi alle veit kor viktig denne saka er for langt fleire enn Geiranger.

Eg berre minner om det mange veit; Geiranger er vesentleg meir sårbar ved et eventuelt bortfall av cruise enn kva Flåm er. Derfor burde engasjementet frå alle ansvarlige vore langt større her.

For å få til ei fornuftig og framtidsretta løysing for cruisenæringa og desse to små sårbare bygdene må dei to vertskommunene og dei 2 fylkeskommunene samkøyre all innsats og aktivitet opp mot høgare myndigheiter i Oslo.

Eg skreiv i januar 2023 at dette hastar!