Vi er så heldige i Sykkylven å ha ein kulturakse, der mange tilbod innafor kultur og idrett ligg samla. Dette vert ofte omtalt som viktige gode i Sykkylven, noko som det og er.

Det er likevel viktig vi ikkje slår oss til ro med det tilbod vi har, men jobbar stadig med å utvikle dette vidare. Slik at heile området frå Ungdomsskulen opp til kunstgrasbana og over elva til nye Aure barneskule, med den flotte hallen og kulturskulen. Får ei heilskap og ligge nær spesielt ungdomsskulen, vidaregåande og den nye barneskulen. Og ikkje minst er til glede for heile bygda vår.

Vi i Sykkylven Senterparti er svært opptatt av idrett og kultur og meiner det er svært viktig for å halde på dei innbyggarane vi har, men og at fleire skal flytte til Sykkylven.

Derfor har vi ein klar ambisjon at vi må støtte opp at det på den gamle grusbana kjem på plass ein 9-ar fotballhall slik fotballgruppa har ynskjer om, og at ein ser om det kan vere mogleg å bygge på Storhallen ein gang i framtida. Men det er viktig å få plass til ein 9-ar fotballhall.

Det er viktig at ein og jobbar fram konkrete planar for ein ny symjehall, då den vi har er for liten, dyr å drifte og dekker ikkje lenger det behovet vi i dag har.

Sykkylven kulturhus har det blitt brukt mykje middel på siste åra, som gjer at det no står igjen berre å få bytte ut dagens amfi, med eit nytt med plass til ca. 400 personar. Vi har klar målsetting om å få dette amfiet på plass i neste kommunestyre periode.

Alt dette kan ikkje gjerast med kommunale midlar åleine, men med tett samarbeid frivillige og kommune, samt å søke på gode støtteordningar kan ein kome langt.

Vi må hugse at vi til hausten og er so heldige å få ta i bruk ein heilt ny idrettshall i den nye Aure barneskule. Den vil bli ei ny "storstue" for bla. handballen.