No er det alvor. Vi trudde altfor lenge at klimakrisa berre ville ramma oss ein gong i framtida. Men no framtida her. I sommar har vi sett at nordmenn rømde heim til Norge fordi det var for varmt i middelhavslanda, og brann gjorde det også. Så mykje at folk vart evakuerte frå hotella. Det var godt å bli redda heim til ein god norsk sommar.

Men det var heilt til Hans vart varsla, og alle media var fulle av katastrofene som fylgde av av ekstrem-Hans. Vi hadde alt fått eit lite forvarsel då det rasa i Vistdal. Det kunne likevel ikkje måle seg med dei dramatiske tilstandane vi såg frå Austlandet. Og det kjem ikkje til å bli siste gongen. Vêret kjem til å bli villare, våtare og meir ekstremt, og vi må begynne å planlegge for det.

Dessverre er samfunnet vårt lite førebudd til å handtere så store vassmengder, og vegane og bustadområda i fjellandet Norge er svært utsett for skred. Beredskap handlar om å vera førebudd før det skjer. Det er derfor utruleg viktig å satse meir på klimatilpassing som nettopp skredsikring og flaumhandtering.

Konsekvensane vi no ser no kan vi ikkje reversere, men vi kan stansa det frå å bli verre. Det er derfor framleis ekstremt viktig å kutte utslepp. SV gjer som Hallgeir Kvadsheim frå Luksusfellen tilrår: vi byrjar å sjå på dei største postane i budsjettet. Vi må omstilla oss bort frå olje og gass-næringa, og ikkje opna nye oljefelt, og derfor prioriterer vi kraft til å kutta dei store utsleppspunkta i industrien.

Også i Sykkylven må vi førebu oss. Vi må sjølsagt kutte utslepp der vi kan, men først og fremst må sjå på korleis vi kan verne oss mot auka nedbør og stryrtregn i framtida. SV vil så snart valet er over legge fram forslag om å sette i gong kartlegging av område som kan bli ramma av skred og flaum. Vi har bratte fjellsider rundt oss på alle kantar, og skred kan det gå der vi minst ventar det. Når vi har kartlagd farepunkta, må vi sørge for tiltak for å verne oss mot moglege katastrofer.

Sentralt vil SV halde fram kampen for å sikre midlar slik at kommunane kan sikre innbyggarane. Sidan 2015 har SV til saman prioritert 6 milliardar meir til klimatilpassing enn kvar tids sittande regjeringar. Kommunebudsjetta er tronge, så å sikre pengar til kommunane er viktig for å få dette gjort. Det er alltid billigare – og sikrare – å sikre samfunnet i forkant av ekstremvêr, enn å reparera i etterkant.

Det vi ser no er ikkje berre dårleg ver. Klimakrisa er her, og vi må rusta oss opp for å takla klimaendringane.