Møre og Romsdal fylkeskommune er for tida utan eit fungerande budsjett. Posisjonspartia har gitt fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak i oppdrag å gjere omfattande kostnadskutt utan å peike på kvar kutta skal kome. Det er politisk ansvarsfråskriving og ikkje vanleg praksis ute i kommunane. Det vanlege er at budsjett og økonomiplan vert vedteke i balanse før årsskiftet, då kan administrasjonen jobbe vidare og sette i verk tiltak som politikarane har vedteke. Slik det er no verkar det som om mange i fylkeskommunen er i villreie og lurer på kva dei skal fylle dagane med.

Dette kom tydeleg fram i samferdselsutvalet denne veka. Planleggingsarbeidet av ny fv. 60 var godt i gang, men no figurerer prosjektet på ei kuttliste som fylkespolitikarane i H, FrP, V og KrF ikkje vil ta stilling til før på fylkestinget i april.

Lokalt er det brei politisk semje om å prioritere ny fv. 60 mellom Stranda og Hornindal. Seinast under ein vegkonferanse på Stranda 20. april i fjor, vart det uttrykt brei semje også mellom fylkespolitikarane. Samferdselsutvalet hadde alle høve til å fastslå at planlegginga skal halde fram, ikkje minst sidan dei same politikarane tidlegare har vedteke at pågåande og starta opp prosjekt skal skjermast.

Det skjedde ikkje. Det var berre Ap sin Geir Ove Leite, som tydeleg støtta fv. 60 og tok til orde for å gjere vedtak i saka, han vart åleine om det.

Når det gjeld fv. 60 har vi opplevd mange brotne løfter. På nytt er vi vitne til at tidlegare lovnader ikkje vert følgd opp. Denne gongen av parti som yndar å kalle seg vegparti og asfaltkameratar. Så lenge varte det. I april får vi det endelege svaret, enn så lenge sit planleggarane på fylkeshuset og tvinnar tommeltottar.