Kan vi som bur i ein liten kommune på Sunnmøre gjere ein innsats for dei som er råka av krig i heimlandet sitt? Faktisk kan vi det. I Stranda har det i år vorte busett 41 flyktningar, og kommunen står klar til å auke talet til 65 i året som kjem.

Som fersk representant i kommunestyre og formannskap har lærekurva denne hausten vore bratt, med mange ulike saker å ta stilling til. Mellom desse er det ingen som har gjort meg meir stolt og glad enn rådmannen si tilråding om busetting av flyktningar i 2024. Med bakgrunn i eit brev frå IMDi (Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet) gjekk ho inn for at kommunen skal seie ja til oppmodinga om å busette inntil 65 flyktningar neste år. Etter handsaming i Levekårsutvalet og formannskapet står det att å gjere endeleg vedtak på det siste kommunestyremøtet før jul. Eg har sterk tru på at det vert samrøystes.

Det har kome ca. 35.000 flyktningar til Norge i år, dei aller fleste frå Ukraina. Styresmaktene meiner talet vil auke til om lag 37.000 neste år. Mottak av folk frå eit land som i snart to år har kjempa heltemodig mot Russland sin aggresjon, handlar ikkje berre om å vise solidaritet med dei som lir. Det handlar like mykje om kamp for verdiar vi set høgt. For om Putin vinn i Ukraina, kven vert då dei neste han vil angripe? Slik eg ser det er den blodige kampen ukrainarane fører mot okkupantane og eit forsvar av vårt eige demokrati og nasjonale suverenitet.

Med mottak av flyktningar følgjer det penger frå staten til busetting og integrering. Så da krev det kanskje ikkje så mykje av oss i Stranda å strekke ut ei hand?

For oss politikarar inneber busetting av over 100 flyktningar på to år at vi tek på oss eit stort ansvar for at dei som kjem finn seg til rette og kan leve trygt i ukjente omgivnader. Det ansvaret tek vi fordi vi har forvissa oss om at kommunen har eit apparat som er i stand til å handtere dei mange oppgåvene som følgjer med. Vi har ei flyktningeteneste som mellom anna jobbar med å skaffe bustader og ei teneste for vaksenopplæring som syter for gjennomføring av eit lovpålagd introduksjonsprogram. Vi har lærarar som gir opplæring til barna som kjem og ei helseteneste som gir hjelp til dei som har trong for det. Dessutan gjer NAV mykje i samarbeid med bedriftene for at dei som kan arbeide kjem seg ut i jobb. Sist, men ikkje minst, er det mange frivillige som gjer sitt beste for å integrere flyktningane, i alt frå idrett til språkkafé.

Den humanitære mobiliseringa av så vel som profesjonelle fagfolk som frivillige ressursar er krevjande, men viser styrken i samfunnet vårt. Alle i Stranda som stiller opp for flyktningane fortener ein juleblome!