Kommunestyret i Stranda gjorde i desember vedtak om budsjett for 2023. Det var inga lett øving, fordi den økonomiske ståa er svært vanskeleg. På fleire viktige tenesteområde vart løyvingar til mange gode tiltak redusert eller tatt heilt bort.

Mellom dei tiltaka som vart råka var tilbodet om fast kontortid med lege og hjelpepersonell inntil ein dag i veka på Hellesylt og i Geiranger. For innbyggjarane i Geiranger vert det framleis tilbod om videokonsultasjon med legekontoret på Stranda, medan dei på Hellesylt som har gjort nytte av tilbodet må køyre eller verte transportert dei knappe tre mila til Stranda. Den medisinsk faglege vurderinga er at dette fullt ut er forsvarleg.

Sjølvsagt er vedtaket om å leggje ned utekontora upopulært, og alle er samde om at informasjonen frå kommunen om endringa har vore dårleg. Men når kommunestyret no vert invitert til å gjere om på vedtaket, mot rådmannen si innstilling, seier Stranda Høgre stopp. Kommunen kan ikkje halde fram med å bruke pengar vi ikkje har. Vi står for ein ansvarleg økonomisk politikk, og meinar alle parti må ta ansvar for å unngå sprekk i eit stramt og usikkert budsjett.

I budsjettet ligg det mellom anna inne stor bruk av finansinntekter og fondsmidlar. 10 millionar kroner av desse midlane er det ikkje sikkert at vi kan nytte. Uansett er det snakk om pengar som Stranda ikkje vil få i åra som kjem. Vi må og ta høgde for unormal prisvekst og at lønsoppgjeret til våren gir større kostnader enn dei som ligg i budsjettet.

Vi veit at dei som har det daglege ansvaret for kommunen sine tenester for barn, eldre og sjuke i kommunen no jobbar steinhardt for å halde sine budsjett. Vi veit og at mange som driv friviljug arbeid innan idrett og kultur er skuffa over kutta i kommunen sin innsats. Den økonomiske armoden råkar innbyggjarar i alle dei fire bygdelaga. Då kan ikkje politikarane sitt svar vere at dei som roper høgast skal skjermast. Vi må stå saman om å få økonomien på rett kjøl.