NB: Dette innlegget vart skrive laurdag 9. desember.

Det var den politiske kunnskapsbasen og erfaringa eg ville få tilgang til frå bl.a. Frank Sve som førte til at eg sa ja til å stå på vallista til Stranda Frp. Han verker på nasjonalt nivå, er kunnskapsrik, tydeleg, tidvis hardtslåande og slik sett kanskje ikkje «førstevalet» til overambisiøse ordførarspira.

I mitt fyste gruppemøte var han god ballast for gruppa av mangel på erfaring hjå nyvalde og dei som no skulle fronte partiet. I valkampen reiste han som fylkesleiar og støtta lokallaga. Ansvaret i sitt eige overlèt han til andre. Frp sine argument i valet var det soleis dagens varaordførar som forfatta og fronta. I møtet sat eg ved sida av Hr. og Fru Aanning. Sistnemnde bidrog med å protokollføre namna på dei som fekk tildelt utvalsplassar av gruppa.

So skjer det utenkelege! Vår eigen varaordførar forandrar i etterkant namnelista og «stryk» dei han uttalt ikkje liker utan godkjenning frå si eiga gruppe. Underteikna var den fyste han strauk etter ordre frå Sp og Høgre. Han overser fleire eigne vararepresentantar og tilbyr taburettar til folk lengre nede på Frp-lista per tlf. Der vi andre ser Frank Sve si erfaring som ein vesentleg ressurs ser vår eigen varaordførar tydelegvis på som ein trussel for sine eigne ambisjonar. Vår eigen varaordførar og Høgre foreslo ref. Jan O. Tryggestad han i det einaste vervet Frank Sve sa ja til. Sitt eige sjølvbilde er tydelegvis viktigare enn å foredle kunnskap og lojalitet. Då denne ukjente «Aanning-metoden» blir oppdaga blir han so «såra» då gruppa krev svar at han melder seg ut som gruppeleiar utan nærmare forklaring. Like lite konkret og innhaldslaus som fellesforklaringa til utbrytarane.

Han syner ikkje å takle leiarrolla. Ein kan berre lure på kva som eigentleg ligg bak? Kjem det meir? Han tok seg heller ikkje tid til å helse sine nyvalde partivenner velkomen i deira fyste møte med kommunestyret. I ettertid ser ein at han hadde heilt andre gjeremål enn å bry seg med nye parti- «venner». «Vennskapet» blei likevel kortvarig sjølv om det ikkje viste på overflata.

Eg konkluderer med at han ønsker å skade Stranda Frp. For meg har han misbrukt rolla han blei tildelt i tillit etter et godt Frp-val. Derfor er det som har skjedd det beste som kunne skje Stranda Frp. Eg er skaka! Kva utbrytarane har blitt fortalt før utmeldinga veit eg ikkje! Men mangel på personlege relasjonar bør vere småpjask i forhold til problema veljarane vil ha ordna opp i. No blir resultatet at vekkvalde Sp likevel skal styre kommunen vår i fire år. Høgre ville skape ny kurs ved å sleppe skjørtekanten til Jan O. Tryggestad. Gratulerer Jan Ove. Kva seier veljarane no?

For eigen del har premiera på denne scena vore meir lærerik enn eg kunne drøyme om.

Men eg registrerer at notearka til dei som skal spele fyrstefiolin må ligge att heime og at dei ikkje veit kva dur dei skal spele i. Det trur eg til og med ein tonedøv tilskodar får med seg! Uansett er den skjulte agendaen mellom Høgre og Aanning illojalt i forhold til det veljarane bad om. Det reagerer eg sterkt på.