Kvifor eg valde Framstegspartiet som mitt favorittparti framfor kommunevalet i neste månad, har ikkje vore eit vanskeleg val. Saker som å redusere skattar og avgifter har vore viktige faktorar. Halvere matmomsen, redusere drivstoff- og straumprisane og få kontroll på renta og konsumprisindeksen er kostnadar som tappar lommeboka, og som får store ringverknadar for dei private og for næringslivet. Også formuesskatt, lakseskatt, eller sagt på ein annan måte; skatt på skatt som gjer sitt til at leiarar i næringslivet flyktar landet. Det er ikkje slik vi skal stelle oss for å drifte landet.

Støre-regjeringa har kassert inn ekstra milliardbeløp på desse avgiftene, men få kroner kjem tilbake til «vanlege folk». I staden opplever vi at mange i kongeriket står i matkø, og må få sosiale stønadar frå det offentlege og friviljuge organisasjonar for å få endane til å møtast. Det er ikkje slik vi vil ha det.

Avgifter som til dømes eigedomsskatt er på alle måtar ein både urettferdig og usosial skatt. Det kan ikkje vere slik at hus og eigedom skal vere eit skatteobjekt, slik dagens regjering er opptekne av, eller for så vidt fleirtalet i Sykkylven kommunestyre. Difor må eigedomsskatten i Sykkylven gradvis bli redusert og avvikla, noko Frp fekk gjennomført saman med Høgre og Venstre for nokre år sidan.