Ser at Ordførar Jan Ove Tryggestad forsøker i kjent stil å stoppe debatten med omsyn til den skakkøyrde økonomien i Stranda kommune.

Det hjelper ikkje å forsøke å bruke hersketeknikk for å stoppe politiske ytringar frå kommunestyrerepresentant frå andre parti enn SP, ved å gå til angrep og forsøke å refse redaktøren i Nyss.

Tryggestad gløymer galant at Frank Sve i tillegg til å vere stortingsrepresentant, også er fullverdig kommunestyrerepresentant på lik linje med han sjølv.

Eg er kommunestyrerepresentant og er ikkje i formannskapet. Eg uttalar meg akkurat både slik eg vil og når eg vil om kommunale eller andre saker i Stranda kommune, utan å måtte spørje Tryggestad om løyve til dette!

Såleis har eg sjølvsagt både rett og plikt til å bry meg om kommunen vår når det blir lagt fram eit «krisebudsjett framlegg» som på mange måtar knekker det kommunale tenestetilbodet innan både skule, SFO og eldreomsorga.

Meiningane mine i nyss er verken usakelegheiter eller på nokon måte utan kjelder.

Konkrete spørsmål er reist til administrasjonen som stadfestar at ein ikkje har kontroll over dette budsjettframlegget på fleire vesentlege område, og alle som kan å lese forstår dette.

Dette er godt dokumentert til avisa Nyss, og at ordførar Tryggestad liksom skal refse Nyss-redaktøren er ikkje berre utidig men direkte usmakeleg. Og i tillegg direkte feil.

Avisa har alt på sitt tørre og har dei kjeldene dei treng.

Det er også på sin plass å merke, at i den seinare tida så har avisa Nyss hatt fleire store oppslag med ordføraren som nesten har vore i avisa som fast inventar, med mange oppslag. Forlanger Tryggestad at avisa Nyss berre skal vere for Sp?

At Tryggestad ikkje toler å høyre andre meiningar enn sine eigne, er vell i hovudsak også grunnlaget for at Stranda kommune har kome grundig på ROBEK.

Kunne faktisk vore ein idé å lytta til seriøs politisk debatt og andre meiningar, noko Tryggestad og fleirtalet slett ikkje har gjort, med ROBEK som resultat.

Skal Stranda kommune kome ut av den økonomiske hengemyra kommunen er i no, hjelper det ikkje å fortsette med budsjett og økonomistyring etter «håp og tru» metoden.

Revidert statsbudsjett er lagt fram, og det blir ikkje 4 millionar kroner til Stranda kommune i kompensasjon for auka løns- og prisstigning som rådmannen i «håp og tru» hadde lagt inn, men fasiten vart om lag 1,8 millionar kroner.

Kvar den forventa auka lønspotten på over 2 millionar kroner er, er sjølvsagt også uklart for dei fleste vil eg tru.

Eg vil elles rekne det som heilt openbert at Statsforvaltaren ikkje godtek anna enn fakta med to raude strek under i eit nytt budsjett, noko eg rettvis har påpeika ikkje er tilfelle.

Og, dette er gjort med rettvise kjelder som dokumenterer dette ovanfor Nyss.

Så ordførar Tryggestad, trur det er lurt du kjem deg ned frå din høge hest, og begynner å lytte til andre, og begynne å svare på kvar pengane som er lagt inn i budsjettetframlegget eigentleg reelt kjemifrå og dokumentere dette.